Foredrag: Korleis hindre at KI øydelegg for læring?
Tal frå Studiebarometeret 2025 viser at over 90 prosent av studentar brukar kunstig intelligens i studiearbeidet. Samstundes er det uklart kva teknologien gjer med læring, vurdering og kritisk tenking.
- Det som er urovekkande, er ikkje berre at mange brukar KI. Det er at vi framleis veit for lite om kva dei brukar det til, og kva det gjer med læringa, seier Glenn Øvrevik Kjerland.
Kjerland forskar på kunstig intelligens i undervisning og læring, og underviser i bruk av KI i utdanning. Han meiner vi lever i ei tid der vi blir utsette for ei rekke eksperiment frå Big Tech.
Han er ikkje imot KI, som han meiner kan ha stor verdi. Men vi må passe på å bruke denne kraftfulle teknologien på gode måtar.
Denne onsdagen snakkar han om tankane og funna sine for Senioruniversitetet i Førde. Alle er velkomne og arrangementet er gratis.