Open forelesing med Gert Biesta: “The aesthetics of teaching: How education really works”

HVL, Kronstad Auditorium F118
Time icon
Når:25. november   11:45
Varer til: 13:30
Legg til i min kalender

Vel møtt til forelesing med Gert Biesta

Tittel på forelesinga er: “The aesthetics of teaching: How education really works” og er open for alle.

Om foredragshaldaren:

Gert Biesta er professor i pedagogikk og utdanningsteori ved University of Edinburgh; og professor II ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskolen i Vest-Norge (HVL).Arbeidet hans er sterkt knytt til føremål for utdanning, demokrati og læraren si rolle. Biesta er blant mykje anna ein av dei mest framtredande nolevande utdanningsteoretikarane som bygger på og samtidig utfordrar Dewey og hans pragmatisme. Han vidarefører Dewey si vektlegging av erfaring, demokrati og utdanning som sosial praksis, men han kritiserer også visse aspekt ved Dewey og pragmatismen, som t.d. ei overdriven sterk vektlegging av læring og "elevsentrering". Så på den eine sida kan ein sei at Gert er ein radikal, kritisk tenkar som utfordrar "mainstream". På den andre sida kan ein sei at han er ein konservativ tenkar som forsvarer undervisningskunsten mot t.d. for mykje merksemd på læring.

Gert Biesta er spesielt kjent for sitt konsept om dei tre funksjonane i utdanning: kvalifisering, sosialisering og subjektivering - som gjenspeglar eit breiare syn på utdanning som meir enn berre overføring av kunnskap og ferdigheiter. 

Som professor 2 ved HVL samarbeider Biesta med professor i pedagogikk Herner Sæverot om utvikling av konseptet «The art of education», noko som også rammar inn temaet for førelesinga “The aesthetics of teaching: How education really works”.