Kvifor er det så vanskeleg å vere ung?
Forfattar Maria Parrs barnebøker har vunne mange prisar og er omsette til tolv ulike språk, mellom anna russisk og kinesisk. Forskar Christian Moltu har fått stort gjennomslag for forskinga si innan psykisk helse. I åra som kjem skal han leie eit europeisk forskingsprosjekt med mål om å styrke den psykiske helsa til unge menneske i Europa.
No møtest dei to til ein samtale om det å vere ung, og dei store overgangane som finst i livet til unge menneske. Dei vil snakke om dette med utgangspunkt i forskinga til Moltu og romanen Tonje Glimmerdal av Parr.
Tonje veks opp som einaste barn i Glimmerdalen. Den beste vennen hennar, Gunnvald på 74 år, speler fele for henne og bygger ei rattkjelke som gjer at ho kan suse heile vegen ned til fjorden. Men han viser seg også å ha ein løyndom som setter venskapen deira på ei hard prøve. For har han eigentleg vore ein god far for si eiga dotter?
Dette er eit klassisk eksempel på ein vanskeleg overgang i eit barns liv, meiner Moltu. Tonje oppdagar at venen hennar har sider ho ikkje visste om. Han ikkje er det same mennesket for andre som han er for henne. Over natta blir verda hennar langt meir komplisert.
Kva betyr ei slik oppleving? Og korleis kan vi som samfunn bli betre til å støtte unge menneske i vanskelege fasar av livet? Dette blir blant spørsmåla som Parr og Moltu kjem til å diskutere. Samtaleleiar er Katrine Sele.