Levande lab for eit levande sentrum: Frå idear til handling

Sogndal, Laben på Meieriet
Time icon
Når:11. november   17:00
Varer til: 19:00
Legg til i min kalender

Korleis kan vi saman gjere Sogndal sentrum meir levande?

Dei siste månadene har innbyggarar, næringsliv, frivillige og kommunen bidratt med gode idear gjennom levande lab for eit levande sentrum. På denne samlinga inviterer vi endå breiare og tek neste steg: Vi går frå idear til handling.

Vi presenterer resultata frå tidlegare verkstader og innspelsrundar før vi saman prioriterer tiltak, vurderer kva vi kan få til sjølve og utviklar konkrete handlingsplanar for dei mest aktuelle initiativa. Det er mogleg å kome med nye innspel, og samlinga blir også ein arena for å sjå levande laben i samanheng med andre initiativ og aktivitetar som bidreg til utvikling av Sogndal sentrum. 

Arrangementet er ope for alle interesserte, og både tidlegare deltakarar og nye stemmer er velkomne.

Påmelding er nødvendig grunna matservering. 

Frist for påmelding 9. november.

Vel møtt til ein kveld med samarbeid, idear, prioriteringar og konkrete steg vidare for eit meir levande sentrum i Sogndal!