Når sanninga kostar - 25-års jubileum for Scholars at Risk

Kronstadtorget
Time icon
Når:10. april   11:30
Varer til: 13:00
Legg til i min kalender

Sanning vert ofte løfta fram som eit sentralt prinsipp for forsking og demokrati, men kva pris er vi villige til å betale for sanninga som samfunn, institusjon og enkeltpersonar?

I 25 år har nettverket Scholar at Risk arbeida for å fremje akademisk fridom globalt og beskytte dei som ikkje kan fortsette sitt akademiske arbeid i heimlandet på grunn av forfølging, krig og andre alvorlege trugslar.

HVL markera nettverket sitt jubileum ved å setje søkelys på verdien av sanning og prisen den kan ha for den enkelte, institusjonen og samfunnet. Markeringa startar med småprat og enkel servering (så langt det rekk). Før vi går vidare med samtale om akademisk fridom, sanning og pris den har.

Christine Øye, Bente Opheim, Hafte Gebreselassie Gebrihet, og Hassan Alipanahzadeh, er nokre av dei som deltar i samtalen.

Vel møtt!

Meir detaljert program kjem etter påske.