Pedagogisk konferanse 2026
Velkommen til den 3. pedagogiske konferansen ved HVL, 23.–24. november 2026 i Førde.
Kunnskap finst i dag gratis på nett. Konferansen spør kva menneska ved HVL kan tilby studentane som teknologien åleine ikkje kan.
Program
Dag 1 (måndag fra 12:00): «Kva er verdien av HVL i ei digital verd?» Seks korte innlegg og panelsamtalen «Kvifor skal studentane velje HVL når kunnskapen finst gratis på nettet?», leia av Per Christian Engdal.
Middag kl. 19:00.
Dag 2 (tysdag fra 09:00): «Frå idé til praksis». Fem innlegg, en verkstad om praktiske løysingar for nettundervisning og studentoppfølging, og gruppearbeid der vi samlar 3–5 konkrete forslag til HVL.
Innlegga og panelet kan følgjast digitalt. Verkstaden og gruppearbeidet går berre i Førde. Konferansen er open for alle tilsette. Meld deg på innan 13.11, òg om du deltek digitalt. Lunsj begge dagar og middagen er for fysisk påmelde deltakarar fra HVL.
Arrangørar: Marcin Fojcik, Joar Sande og Lars Kyte.