Skriving = ekte intelligens
"What it means to me is that I figured out this tool to think more clearly... Now if there is a better way to think more clearly with AI, great, I would switch to that. Definitely have not found that yet. "
Veit du kven som har sagt dette?
Administrerande direktør bak selskapet som for eit par veker sidan sende meg e-posten med tittelen "Skriv raskere med ChatGPT"...
Det stemmer, Sam Altman (se intervju på YouTube).
Så kva er svaret? Bør eg eller bør eg ikkje bruke språkmodellar i skriveprosessen?
Som student skal du lære eit fag, men du skal også bestå, du skal også komme deg gjennom studiet. Korleis kan du balansere læring med effektivitet? Er det mogleg?
Denne timen vil eg ta deg tilbake til det grunnleggjande med skriving og korleis tenkinga og læringa vert trua når vi bruker modellar drivne av KI i skriveprosessen. Men, eg vil også vise til nokre konkrete døme for bruk av modellane.
Burde vi ikkje sjå til HVL om kva som er greitt og ikkje greitt? Spørje eineansvarleg? Jo, absolutt. Men, ofte står du framleis igjen med avgjerda sjølv.
Til sjuande og sist må du bestemme deg kva som betyr mest for deg og med utgangspunkt i det svare på "bør eg eller bør eg ikkje bruke KI i skriveprosessen?". "Klarer eg å balansere læring med effektivitet, eller klarer eg det ikkje?". Forhåpentleg er du litt nærare svaret når timen er omme.
Vi serverer boller og kaffe - velkommen!
