Zotero: Introduksjonskurs
Bergen, Biblioteket, rom D130
Alt du treng å vite om Zotero på 60 minutt
Biblioteket tilbyr introduksjonskurs i referanseverktøyet Zotero. Zotero er eit gratis referanseverktøy som hjelper deg med å samle og organisere referansane dine, samt lage korrekte tilvisingar og litteraturliste i tekstane dine. Her får du ein kjapp gjennomgang av dei viktigaste funksjonane som kan gjere referansearbeidet ditt enklare.
Bachelor, master, eller tilsett? Alle er velkomne! Ingen påmelding, men begrensa med plassar – førstemann til mølla!
Meir informasjon om Zotero finn du på bibliotekets Zotero-sider.
