Zotero

Zotero er eit gratis referanseverktøy som hjelper deg med å samle og organisere referansane dine og vidare lage korrekte siteringar og kjeldeliste i tekstane dine. Zotero kan brukast saman med Word, OpenOffice, LibreOffice, LaTex og Google Docs.

Last ned Zotero her.

I tillegg kan du laste ned eit tillegg til nettlesaren (Chrome, Firefox eller Opera) for å enkelt kunne importere ressursar til Zotero-biblioteket ditt. Tillegget legg seg oppe til høgre i nettlesaren din, og når du er inne på ein artikkel, bok, nettside, osv. vil eit av desse ikona komme fram:
Klikk på ikonet, og referansen vert importert til Zotero-biblioteket.

Sjekk at det er kopling mellom Word og Zotero. Lukk/avslutt alle Word-dokument. Opne Word på nytt, og sjå om du har fått ei fane øvst som heiter Zotero. Om du ikkje har fått det, sjå «Zotero-fana er ikkje i Word».