Trafikklysmodell for KI-bruk
Modellen er ein rettleiande ressurs til hjelp for emneansvarlege, undervisarar og studentar i førebuing og gjennomføring av obligatoriske aktivitetar og eksamen – og gjerne òg som utgangspunkt for diskusjon og utvikling av felles refleksjon og praksis knytt til bruk av KI i læring og vurdering, i emne og studieprogram.
Nb: Denne rettleiaren er under revisjon hausten 2025 og skal leggjast fram for Utdanningsutvalet til godkjenning. Rettleiaren har difor førebels status og skal ikkje nyttast i samband med eksamen, obligatoriske læringsaktivitetar, emneplanrevideringar eller liknande for innverande eller komande studieår (2025/-26).
Trafikklysmodellen er laga for å møte problemstillingar knytt til generativ KI. Med generativ KI, meiner vi KI-verktøy som kan generere innhald, for eksempel Copilot, Gemini og ChatGPT. Denne modellen er ein omarbeida versjon av Rammeverk for vurdering og KI (HiØ), som igjen bygger på Perkin et al., 2024. Modellen er utforma av KI koordineringsgruppa ved HVL og blei første gong publisert i september 2025.
Trafikklysmodellen for bruk av generativ KI
Grønt nivå: Utforskande bruk av generativ KI
Bruk dette nivået dersom du ønskjer at studentane aktivt tek i bruk generativ KI. Studentane blir oppmoda til å utforske korleis dei kan bruke KI-verktøy kreativt, kritisk og innovativt i alle delar av arbeidet. Studenten er ansvarleg for innhaldet, og må vurdere og stå inne for det endelege resultatet.
Dersom KI-generert innhald er teke inn utan omarbeiding og eigen refleksjon, skal det merkast og kommenterast av studenten.
Studenten skal eksplisitt reflektere over korleis bruken av KI påverkar innhald, fagleg kvalitet, eigen læringsprosess og arbeidsmetode.
Refleksjonen skal vere ein del av oppgåva, og vise medvit om både moglegheiter og avgrensingar med KI-verktøya og bruken av dei.
Dokumentasjonskrav
Studentane må i metodekapittel eller i vedlegg gjere greie for kva KI-verktøy som blei brukt, korleis dei blei brukt, og kvifor dei valde å bruke KI-verktøyet på denne måten.
Dersom KI-bruk har påverknad på resultat, analyse eller funn skal KI-verktøyet refererast til på vanleg måte med tilvising i tekst og referanse i litteraturliste.
Også studentar som ikkje tek i bruk KI-verktøy skal skrive eit kortare avsnitt om kvifor dei valde å ikkje bruke KI.
Gult nivå: Generativ KI som hjelpemiddel
Generativ KI kan brukast som støtte i skriveprosessen, men studenten skal ikkje kopiere og lime inn tekst generert av KI utan å omarbeide og integrere det med eigne refleksjonar. Eksempel på KI som hjelpemiddel kan vere støtte til språkvask, struktur, disposisjon og idémyldring.
Dokumentasjonskrav
I for eksempel i metodekapittel eller innleiing gjer studenten greie for kva KI-verktøy som blei brukt, korleis dei blei brukt, og kvifor studenten valde å bruke KI-verktøyet på denne måten. Også studentar som ikkje tek i bruk KI-verktøy kan skrive eit kortare avsnitt om kvifor dei valde å ikkje bruke KI.
Raudt nivå: Ingen bruk av generativ KI
Ingen verktøy i kategorien generativ KI (for eksempel GPT UiO, Copilot, ChatGPT osv.) skal bli brukt i arbeidet med å løyse oppgåva. Dersom andre KI-verktøy er tillate (slik som Autotekst eller Keenious) skal dette presiserast i oppgåveteksten.
Dokumentasjonskrav
Studenten forsikrar at oppgåva er løyst innanfor rammene på raudt nivå, for
eksempel i metodekapittel eller innleiing.
Dersom ingen nivå er presisert i oppgåva, gjeld følgande:
Alle hjelpemiddel tillatt, inkludert KI
Retningslinjene om fusk gjeld for alle innleveringar ved HVL, enten det er eksamen eller obligatoriske læringsaktivitetar.
- Dersom alle hjelpemiddel er tillatne, kan du bruke KI som til dømes GPT UiO.
- Du finn informasjon i emneplanen og i eksamensoppgåva om kva for hjelpemiddel som er tillate.
- Dersom bruk av KI verkar inn på resultatet av funna dine, metode for analyse eller datahandsaming, skal du gjere greie for denne bruken i teksten din.
- Det er viktig å tenke på at eksamensoppgåver skal vere sjølvstendig utarbeida og at det er rekna som fusk å levere arbeid som er heilt eller delvis utarbeidd av andre enn deg sjølv. Legg merke til at det også blir rekna som fusk å vise til fiktive kjelder. Generativ KI er kjent for å «dikte opp» referansar! Sjå HVL sine retningslinjer om fusk.
Korleis bruke trafikklysmodellen?
Programansvarleg, emneansvarleg eller faglærar kan bestemme kva nivå av KI-bruk som er tillate for obligatoriske aktivitetar og eksamensarbeid. Skildringa og dokumentasjonskrava i dei ulike nivåa kan tilpassast til fagområdet, eksamen eller aktivitet.
Det er viktig at studentane får skriftleg informasjon i forkant, for eksempel i undervisning eller Canvas.
Dersom dokumentasjon/refleksjon kring KI-bruk skal vere ein integrert del av studentteksten må omfanget (ordtal) for oppgåve vera tilpassa dette. Presiser dersom det er forventa at dokumentasjon blir lagt til som vedlegg.
Tips til studentar om dokumentasjon og refleksjon
Her får du som er student tips til korleis du kan gå fram når du skal gjere greie for bruk av generativ KI i arbeidet ditt. Eksempla tek utgangspunkt i dokumentasjonskravet for gult og grønt nivå i trafikklystabellen, men det er forventa at du gjer greie for KI-bruk også dersom raudt eller ingen nivå er presisert i oppgåva.
Dersom du har brukt KI som del av det vitskaplege arbeidet, slik som analyse eller framstilling av resultat, kan du gjere greie for dette i metodekapittelet. Dersom KI er brukt i arbeid med språk, struktur eller disposisjon kan du skrive eit avsnitt heilt til slutt, rett før litteraturlista.
Eksempel på dokumentasjon
Gult nivå
Eksempel på dokumentasjon ved bruk av generativ KI på gult nivå i trafikklysmodellen:
- Eg brukte <namn på KI-verktøy> i arbeidet med denne oppgåva.
- Delar av teksten er revidert og strukturert med hjelp av generative KI-verktøy.
Innhaldet i teksten er mitt eige arbeid. - Ein eller fleire av ideane eller framgangsmåtane er foreslått og utvikla med hjelp av generative KI-verktøy. Eg spesifiserer korleis eg har brukt desse
ideane/framgangsmåtane i oppgåva mi.
Grønt nivå
Skildring av grønt nivå: «Studenten skal eksplisitt reflektere over korleis bruken av KI påverkar innhald, fagleg kvalitet, eigen læringsprosess og arbeidsmetode. Refleksjonen skal vere ein del av oppgåva, og vise medvit om både moglegheiter og avgrensingar med KIverktøya og bruken av dei.»
Eksempel på dokumentasjon ved bruk av generativ KI på grønt nivå i trafikklysmodellen:
- Generative KI-verktøy har blitt brukt til behandling og analyse av data. Eg har
kvalitetssjekka resultatet sjølv, og tar ansvar for resultat og fortolking av analysen. - Koden/algoritmane i arbeidet er laga med hjelp av generative KI-verktøy. Basert på eigen kunnskap kan eg gå god for resultatet.
- Generative KI-verktøy har blitt brukt til framstilling av resultat – slik som figurar, tabellar, talverdiar og liknande. Eg har forsikra meg om at framstillinga stemmer med mine data.
- Eit eller fleire av bilda/figurane er generert ved hjelp av generativ KI. Alle
bilda/figurane det gjeld er tydeleg merka. - Viss generative KI-verktøy har vore brukt på andre måtar – spesifiser.
Eksempel på refleksjonsspørsmål
Eksempel på refleksjonsspørsmål ein kan stille seg sjølv ved bruk av generativ KI,
uavhengig av nivå i trafikklysmodellen:
- Kva var hensikta med å bruke KI?
- Korleis påverka bruken av KI måten du tilnærma deg oppgåva?
- Kva lærte du om moglegheitene og avgrensingane ved bruk av KI?
- Korleis ville du ha jobba annleis utan KI?