Studentassistent i grunnleggande matematikk for ingeniørfag

Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap søker studentassistentar til campus Bergen sommaren 2026.

Det er behov for to studentassistentar i emnet ING001 Grunnleggjande matematikk sommaren 2026 i perioden 22. juni - 31. juli 2026. Arbeidsdagane er måndag til fredag kl. 1100–1500.

Grunnleggjande matematikk tilsvarar matematikk i vidaregåande skule (R1 og R2). Emne går for studentar som er tatt opp på y-veg og tresemesterordning ved ingeniørutdanningane i elektroteknologi og kjemi.

Vil du bidra til at studentar som studerer matematikk om sommaren får ein god studiekvardag? Som studentassistent vil du vere ein viktig ressurs i øvingstimane i grunnleggjande matematikk.

Studentassistentane er med på å skape eit inkluderande læringsmiljø der studentane får både fagleg støtte og sosial tilhøyrsle. De er til stades i øvingstimane, rettleiar studentane undervegs med oppgåver samt bidrar til at dei utviklar gode studievanar. De skal sikre at øvingstimane gir høgt læringsutbytte. 

Kven kan søke?

  • Alle studentar på ingeniørfag ved HVL. Studentar som har tatt forkurs/realfagskurs i matematikk. 
  • Dersom du har god kjennskap til innhaldet i emnet du skal vere studentassistent i. 
  • Dersom du har karakterane A, B eller C i tilsvarande emne, eller i matematikkemne på høgare nivå (til dømes MAT110 Matematikk 1).

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i øvingstimar 4 timar kvar dag i 6 veker.
  • Timar til førebuing.
  • Legge til rette for godt læringssmiljø i timane.

Det er ingen rettingar i samband med arbeidet som studentassistent.

Slik søker du  

Søknad sender du inn via nettskjemaet som du finn her.

I skjemaet må du blant anna fylle ut kontaktinformasjon og karakterar i relevante emne. Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju og dei må levere karakterutskrift. 

Søknadsfrist: 15. mars 2026.

Spørsmål kan rettast til Kristin Kvamme eller Anne-Lena Kampen.