Skriverettleiar ved bibliotekets Skrivesenter

Vi søker erfarne studentar på bachelor- eller masternivå i Bergen som trivst i studentrolla og gjerne hjelper andre med å oppleve meistring i studiesituasjonen.

Om stillinga

For å arbeide med skriverettleiing må du vere interessert i tekst og skriveprosessar, og ha erfaring frå eigne tekstarbeid.

Som skriverettleiar vil du få nødvendig opplæring i arbeidsoppgåvene i form av eit rettleiingskurs ved semesterstart. I kurset inngår emne som gode skriveprosessar, godt språk, informasjonssøk, sjangerforståing, norsk som andrespråk, KI som verktøy og  god rettleiingspraksis.

 

Arbeidsoppgåver

  • Individuell rettleiing på Skrivehalvtimen, på campus eller digitalt
  • Administrere rettleiingstimar
  • Delta i aktivitetar som fremjar skriving på campusbiblioteket,
  • Møter med skriverettleiarane og tilsette ved Skrivesenteret
  • Marknadsføring og synleggjering av Skrivehalvtimen

 

Vilkår og søknad

Skriverettleiarar vil jobbe rundt fem timar i veka gjennom semesteret, ca 200 timar for studieåret 2025/2026. Fast arbeidstid er 12.30-17.00 på onsdagar eller torsdagar. Timebetaling er lønstrinn 35, 218 kr for bachelorstudentar og lønstrinn 42, 236 kr for masterstudentar.

 

Opplæringa er lønna.

 

Send søknad med CV og motivasjonsbrev for stillingane i Bergen til fagleg koordinator for Skrivesenteret, Solveig Kavli, og einingsleiar for studiestøtte, Gunhild Austrheim.


 
Søknadsfrist måndag 18. august 2025.