Våre samarbeidspartnarar innen berekraft

Gjennom samarbeid med klynger og verksemder jobbar vi saman for å levere relevant og oppdatert kompetanse i eit felt i rask bevegelse. Her finn du informasjon om nokre av våre utvalde samarbeidspartnarar.

HVL er medlem av og sit i rådet til Norsk klimastiftelse, som kallar seg Noregs grøne tankesmie og er ein ikkje-kommersiell stiftelse. På klimastiftelsen sine nettsider kan du finne både nettavisa "Energi og klima" som du kan abonnere på, forskningsformidlingsprosjektet <2°C, og andre aktuelle rapportar og notat. Det er også mogleg å følgje med på Noregs klimagassutslipp på klimaportalen tilnull.no. Stiftelsen har også ulike arrangement du kan delta på.

Klimafestivalen Varmere Våtere Villere er festivalen for klima, kunnskap og kultur i Bergen. På programmet finn du føredrag, samtaler, debattar, filmvisningar, live show, workshops, forfattersamtaler, kunstutstillinger og konsertar. HVL er en av sammarbeidspartnarene til festivalen. Her finner du informasjon om festivalen og kan sjå når neste blir arrangert.

#Klimaomstilling er ein årleg, nasjonal arena for deling av kunnskap knytt til nokre av dei største samfunnsutfordringane vi har. Konferansen tek opp aktuelle sider ved arbeidet med utsleppsreduksjon og tilpassing til klimaendringane. HVL er ein av partnarane til konferansen. Her kan du lese meir om konferansen og sjå når neste konferanse vert arrangert.

Finn Bærekraftsforskning er ei teneste for å finne forskingspublikasjonar som er knytte til delmåla under FNs berekraftsmål. Biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet har vore med på å etablere tenesta.

EnergiRike arrangerer årleg konferansen som belyser betydninga energitilgang og energibruk har for verdiskaping, klima – det grønne skiftet, innovasjon og næringsutvikling. HVL er en av medlemsbedriftene til konferansen. Du kan lese meir om kommande konferanser her.

HVL er medlem av ARTEMIS. Målet med alliansen er å fremje samarbeid og integrering mellom utdanningsinstitusjonar i Europa. Her kan du lese meir om ARTEMIS.

Høgskulen på Vestlandet er ein av partnarane i Alrek helseklynge i Bergen, eit framtidsretta klyngeprosjekt med solid forankring i de helsefaglege miljøa i bergensområdet.

Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre er ein pådrivar for grøn innovasjon og overgangen til meir klima- og miljøvennlege energikjelder. Senteret formidlar kunnskap i alle ledd i ein innovasjonsprosess og koblar kompetanse frå anleggseigarar og andre teknologibedrifter med forskingsmiljø ved HVL.