Sirkulærdagen på Stord 22. april

Sirkulærdagen rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Kva for moglegheiter har vi innan gjenbruk, matsvinn og resirkulering? Kan vi med enkle grep leve meir berekraftige liv?

Velkomne til Sirkulærdagen på Stord! Sirkulærdagen er for tilsette, studentar og andre interesserte som vil ta turen til HVL. Målet med dagen er å bli meir bevisst, og å peike på løysingar med hovudfokus på kortreist mat, robuste barn, kle og bruk av energi.

Program 22. april

Frukostmøte
Når: 08:30-09:30
Kor: informasjon kjem

Kva klimafotavtrykk har eigentleg KI og digital lagring og strøyming og kommunikasjonsteknologien? Er det noko vits med digital opprydding?

Høgtlesing og interaktivitet
Når: 10:00-11:00
Kor: Biblioteket/amfiet

Vi inviterer barnehager til høgtlesing av Olle Kråkebolle! 

Folkehelsearbeid i barnehagen v/ Ruth Vihovde og Brynhild Størkersen Herheim  
Når: 11:15-12:15
Kor: informasjon kjem

Føredraget om folkehelsearbeid i barnehagen handlar om å bygge overgangskompetanse hjå barnehageborn, slik at dei skal meistre overganger til nye arenaer også seinare i livet.

Indre berekraft-tid 
Når: 13:00-14:00
Kor: Gymsalen

Velkomne til en Qi Gong! 

Velkommen til byttetorg heile veka

Bytt fritt blant dei ulike byttetorga, så lenge du tar same mengde som du leverer inn.
Når: Mandag 20. april - fredag 24. april
Kor: Vrimlearealet ved kantina

Kledebyte - Lever inn heile, fine og reine klesplagg, så mange du vil. Finn deg eit 'nytt' fint antrekk, eller noko anna du vil ha frå dei andre byttetorga. Ansvarleg: Mariann.

Plante-/stiklingsbyte - Merk plantene dine med plantenamn og sett på plantebordet. Gi ei ny plante ein god heim, eller finn noko anna du vil ha. Ansvarleg: Bente.

Bokbyte- Har du ei bok eller fleire du vil gi vekk? Plasser i bokhylla og forsyn deg med ei ny, eller noko anna du har lyst på. Ansvarleg: Hanna.