Sirkulærdagane på Stord
Sirkulærdagane rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Kva for moglegheiter har vi innan gjenbruk, redesign, resirkulering og reparasjonar? Kan vi med enkle grep få eit meir berekraftig forbruk?
Sirkulærdagane er for tilsette, studentar og andre interesserte som vil ta turen til HVL. Målet med desse dagane er bli meir bevisst, og å peike på løysingar med hovudfokus på mat, klede og plast. Alle arrangement er gratis.
Nordmenn har i snitt 359 klesplagg og kjøper 23,5 nye i året. Kvart femte klesplagg blir sjeldan og aldri brukt. For kvart plagg som vert gjenbrukt sparar du kloden for ca. 2,7 tonn CO2.
Program 2025
17.-28. februar
Byttetorg i vrimlearealet ved kantina. Bytt fritt blant dei ulike byttetorga, så lenge du tar same mengde som du leverer inn.
Klesbytte - Lever inn heile, fine og reine klesplagg, så mange du vil. Finn deg eit 'nytt' fint antrekk eller ei bok/plante.
Plante-/stiklingsbytte - Merk plantene dine med plantenamn og sett på plantebordet. Gi ei ny plante ein god heim, eller finn noko anna du vil ha.
Bokbytte- Har du ei bok eller fleire du vil gi vekk? Plasser i bokhylla og forsyn deg med ei ny, eller noko anna du har lyst på.
NB! I tidsrommet 21.-28. februar kan du forsyne deg fritt av det du vil ha av klede, bøker og planter, også når du ikkje leverer noko inn til byttetorget.
20. februar
Auditorium SJU149
- 08:30-10.15 Filmvising av BIFF dokumentaren Plastic People inkl. matservering frå Urt & Ugras
- 10.15-10.30 Panelsamtale rundt plastbruk ved studentane Trine, Patrick, Inger Christin og Vegard
- 10.30-11.30 Plast- og giftfrie barnehagar, Ingvild Sundal Joys, Naturvernforbundet
- 11.30-12.15 Kva skjer med søppelet vårt? ved Janne Hillersøy, SIM
Velkommen!
Treng du hjelp til å sortere avfall rett?
Gå inn på sortere.no eller last ned den norske Sortere-appen gratis, så får du raskt hjelpa du treng.
Sunnhordland sitt interkommunale miljøverk (SIM) hjelper også gjerne. Berre ta kontakt med dei, om du som student har spørsmål til avfallshandtering på Stord eller i Sunnhordland.
Spørsmål
Har du spørsmål eller innspel til Sirkulærdagane ved campus Stord er du velkommen til å ta kontakt med koordinator Kajsa Nordström.
For spørsmål og innspel til berekraft ved HVL kan du kontakte Studenttinget ved Oda Nordaas Solheim.
Her kan du lese meir om berekraft ved HVL.