Klimarekneskap for Høgskulen på Vestlandet
På denne sida kan du lese HVL sin klimarekneskap og lære meir om korleis vi jobbar med berekraft.
- Gjennom Parisavtalen 2015 er HVL, som alle andre, forplikta til å redusera klimagassutsleppa våre.
- Kunnskapsdepartementet har òg i tildelingsbrevet til HVL kravd at vi jobbar systematisk med å få ned utsleppa.
- HVL har hatt klimarekneskap sidan 2019.
- Reknskapen syner at vi har størst utslepp innan kategoriane innkjøp, transport og reiser, og drift og vedlikehald av høgskulebygga våre, som vi leiger frå Statsbygg. Det vil seie at det er innan desse kategoriane vi må setje inn tiltak for å få redusert utsleppa mest mogleg.
- I Handlingsplan for berekraftig utvikling 2023-2026 har HVL-styret vedteke at vi skal redusera utsleppa med 40 prosent frå 2019-nivå. Det betyr at vi skal redusera utsleppa til 9900 tonn co2e innan 2026 er omme.
- Klimarekneskapen til HVL er utarbeid av Asplan Viak.
Klimarekneskap