Informasjon ved bruk av EVA i emneevalueringar

HVL handsamar personopplysingane dine i samband med studentundersøkingar. Målsettinga med undersøkinga er å få fram kva oppleving studentane har av emnet.

Resultata blir brukte til vidare utvikling av emnet og studieprogrammet. Resultata vert aggregert i rapportar, og kvantitative data vert lagt ut i læringsplattforma Canvas.

Rapportar som inkluderer tekstsvar og kommentarar er berre tilgjengeleg for administrator av undersøkinga (emneansvarleg, studieprogramansvarleg eller administrativ funksjon knytt til studieprogrammet). Desse rapportane kan i nokre tilfelle bli delt med tillitsvalde studentar og andre tilsette som er tilknytt studieprogrammet.

Det er ikkje mogeleg å finne ut kven som har svara på undersøkinga, så lenge du ikkje sjølv skriv noko som kan identifisere deg. Vi ber deg difor vere medviten om innhaldet og detaljnivået i det du kommenterer, og ber om at du ikkje legg inn sensitiv personleg informasjon eller skriv noko som kan identifisere kven du er.

Det rettslege grunnlaget for handsaminga er Personvernforordningen art. 6 pkt 1, bokstav c (rettslig forpliktelse), jf. Universitets- og høgskoleloven §3-5 Kvalitetssikring. Opplysingane om deg høyrer heime i følgande kategoriar:

  • Eventuelle tekstsvar du gjev

Vi samlar ikkje inn eller lagrar meir informasjon enn svara dine i spørjeskjemaet. Sidan svara er anonyme, er det heller ikkje mogeleg å gi innsyn, rette eller slette svara dine i etterkant.

EVA skal ikkje overføre eller tillate overføring av innsamla data til ein underleverandør i land utanfor EØS utan å få skriftleg samtykke frå HVL på førehand. Det er ikkje sett opp ei grense for kor lenge opplysingane kan lagrast, men HVL følgjer opp dette kontinuerleg slik at opplysingane ikkje lagrast lenger enn nødvendig.

Har du spørsmål om handsaminga kan du ta kontakt med Avdeling for utdanningskvalitet på kvalitet@hvl.no. Du kan også ta kontakt med personvernombud@hvl.no viss du har spørsmål om personvernet i handsaminga. Dersom du meiner at handsaminga krenkar personvernet ditt, kan du klage til Datatilsynet. Spør gjerne personvernombodet vårt om dette.