Obligatoriske læringsaktivitetar ved HVL

Obligatoriske læringsaktivitetar er regulert i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet og rettleiar vedteke av Utdanningsutvalet.

Definisjon og vilkår for obligatorisk læringsaktivitet

Ein læringsaktivitet kan vere innlevering av skriftleg arbeid, samarbeid i gruppe, ferdigheitstrening, praksis, feltarbeid, laboratoriearbeid/-kurs, ekskursjon, feltarbeid, presentasjon, m.m. Det kan setjast vilkår om at læringsaktiviteten skal vere obligatorisk for å kunne framstille seg til eksamen eller gå ut i praksisstudium.

Vilkår for at læringsaktiviteten kan bli obligatorisk:

  1. Læringsaktiviteten er fagleg grunngjeven og forankra i emnet sine læringsutbytte.
  2. Læringsaktiviteten gir ein vesentleg kompetanse (ferdigheit) som ikkje kan prøvast ved ordinær eksamen.
  3. Studenten skal ha ei aktiv rolle.

Kravet til aktivitet avgrensar mot passiv deltaking. Førelesingar, eller andre aktivitetar der studentane er passive mottakarar av informasjon, oppfyller som hovudregel ikkje vilkåra. Unntak kan vere førelesningar som omhandlar tema, metodar eller kunnskap som studentane ikkje kan tileigne seg på annan måte.

Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før dato for eksamen. Godkjent/ikkje godkjend inngår ikkje i endeleg karakter. Om emneplanen ikkje presiserer noko anna, er godkjende læringsaktivitetar gyldige utan tidsavgrensing.

Fristar

Emneansvarleg fastset frist for når obligatoriske læringsaktivitetar skal vere gjennomført, og er ansvarleg for registrering av resultat seinast to veker før eksamensdato. Om undervisning går tett opp til eksamen, skal obligatoriske læringsaktivitetar vere registrert éin dag etter siste undervisningsdag.

Læringsaktiviteten bør ta høgde for at studenten kan ha fråvær, eller få tid til nytt forsøk på ikkje godkjend læringsaktivitet før eksamen.  

Alle obligatoriske læringsaktivitetar skal vere godkjende før eksamensdagen, før datoen for siste innlevering eller før dato for siste innlevering av skriftleg arbeid.

Tilrettelegging

Studentar som kan dokumentere særskilte behov, har rett på tilrettelegging etter forskrift om studium og eksamen ved HVL kapittel 7. Avgjerd om tilrettelegging er enkeltvedtak som skal registrerast i arkivsystemet.

Tilrettelegging skal ikkje føre til seinking av faglege krav. Om det er læringsutbytte i emneplanen som berre kan bli oppnådd gjennom ein obligatorisk læringsaktivitet, kan ikkje studenten få fritak frå aktiviteten. Dette kan til dømes vere læringsutbytte knytt til samarbeid som blir dekka av obligatorisk gruppearbeid.

Tid, ressursbruk og faglege krav kan gjere at det ikkje er mogleg å gi tilrettelegging. Dette må vurderast konkret.

Studie- og emneplan

Emneplanen skal synleggjere kva obligatoriske aktivitetar som skal gjennomførast i emnet, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL § 8-4 (2).

Minstekravet for å få godkjend læringsaktiviteten må gå fram av emneplanen. Dette kan til dømes vere krav til frammøte.

Det er ikkje naudsynt at faglege vurderingar som ligg til grunn for obligatoriske læringsaktivitetar står i emneplanen. Det er tilstrekkeleg at studieplanen inneheld ei overordna grunngjeving kring dette.

Forskrift om studium og eksamen ved HVL § 8-4  

Rettleiar for obligatoriske læringsaktivitetar - Utdanningsutvalet 41/19