Læringsmiljø

Studentane ved HVL skal ha trygge og gode læringsmiljø. I læringsmiljøet inngår alle faktorar som påverkar studentane sine moglegheitar til å tileigne seg ny kunnskap.

I tillegg til å sørge for god studentvelferd, skal eit godt læringsmiljø også sørge for at studentane får god læring, rettleiing, involvering og eigarskap til eiga læring, og kontinuerleg forbetring av fysiske, psykososiale, digitale og organisatoriske tilhøve.

Administrative leiarar i fakulteta og einingane i fellesadministrasjonen har ansvar for å utarbeide prosessar som bidrar til at HVL har god kvalitet i administrative støttefunksjonar som påverkar læringsmiljøet. 

Dette skal skje mellom anna ved å sikre nødvendig kompetanse, effektive prosessar og gode informasjonssystem. Leiarane har også ansvar for å utarbeide prosessildringar, i tillegg til å følge opp og forbetre prosessane.