Medverknad og tilbakemelding

Vi skal sikre medverknad i utviklinga av utdanningane våre med utgangspunkt i erfaringar frå undervising og vurdering, dialog med studentar og tilsette. Utviklingsarbeidet skal dokumenterast, og vi skal formidle korleis tilbakemeldingane blir følgt opp.

Medverknad for studentar

Studentane ved HVL skal ha høve til medverknad i studentkvardagen. HVL har ansvar for å leggje til rette for at studentane er representert i dei styre, råd og utval. I alle kollegiale organ med avgjerdsmynde er studentane representerte med 20 prosent. Emneansvarleg gjennomfører referansegruppemøte med klassetillitsvalde (eventuelt møte med heile klassen/kullet) seinast midtvegs i emnet. Det skal førast referat frå møta.

Les meir om medverknad for studentar

Studenttillitsvalte

Eit fungerande studentdemokrati er viktig for kvalitetsarbeidet og arbeidet med studentane sitt læringsmiljø ved HVL. Oppgåva til studentdemokratiet er å representere studentane i møte, råd og utval der det skjer ting som påverkar studiekvardagen. Studentdemokratiet følgjer linjeorganiseringa til HVL, og er delt inn i desse rollene:

  • Klassetillitsvalde (Kull)
  • Institutt- tillitsvalde (Studieprogram og institutt)
  • Fakultetstillitsvalt
  • Campustillitsvalt
  • Studenttingsrepresentant

Studieprogramansvarleg har ansvar for at studentane vel klassetillitsvalde og vararepresentantar for desse på alle kull. Har eit studieprogram fleire studiestader, skal det veljast éin studenttillitsvald per kull på alle studiestaden. Andre verv blir valt mellom dei klassetillitsvalde.

Medverknad på ph.d.-utdanningar

Kvar ph.d. utdanning skal ha eit programutval, som drøfter og gir dekan anbefalingar der dekan søker råd frå utvalet. Programutvalet initierer tiltak for å kvalitetssikre- og utvikle ph.d.-utdanninga på emne- og studieprogramnivå, og godkjenner endringar i studieplan innanfor ramma av akkreditering. Ph.d.- kandidatar skal vere representert i programutvalet.

Dialogmøte emne, studieprogram, institutt og fakultet

Emneansvarleg oppsummerer resultat frå studentevalueringar, erfaringar frå andre lærarar og egne erfaringar.
Studieprogramansvarleg kallar inn til dialogmøte per studieprogram med gjennomgang av resultat, drøfting av tiltak og eventuelle behov for endringar i emneplan.

Instituttleiar kallar studieprogramansvarlege og institutt-tillitsvalde studentar (ITV) inn til dialogmøte for å drøfte resultat i arbeidet med kvalitetsutvikling på institutta sine studieprogram. Studieprogramansvarlege ansvarleg for å innhente relevant informasjon frå sine studieprogram, ITV frå klassetillitsvalgte/studentgruppa.

Dekan skal i dialog med instituttleiarar gå gjennom resultata frå kvalitetsarbeidet og vurdere studieporteføljen på fakultetet sett i lys av desse resultata. Dekan gjennomfører årlege dialogmøte med prorektor for utdanning med tema studieportefølje, samt eigne dialogmøte med rektor der rektor sine oppdragbreva er i fokus. Desse møta kan ofte ha overlappande tematikkar knytt til utdanningskvalitet og dei ulike kvalitetsområda.

Tilbakemeldingar om oppfølging og tiltak

Emneansvarleg har ansvar for at all dokumentasjon, rapportar og referat knytt til emnet inneverande studieår skal arkiverast og gjerast tilgjengeleg for studentane, ph.d. - kandidatar og andre tilsette på læringsplattforma eller andre formidlingskanalar.

Studieprogramansvarleg og fagleg leiar for ph.d.-program har ansvar for at relevant dokumentasjon frå kvalitetsarbeidet blir lagra og formidla på ein hensiktsmessig måte. I tillegg kan ein velje å gjennomføre møte/samlingar for å formidle og diskutere tilbakemeldingar, tiltak og resultat med studentane eller ph.d.-kandidatane.