Utdanningsfagleg kompetanse

Høgskulen skal bygge kompetanse og kapasitet for å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Dette skal skje ved strategisk kompetanseutvikling og målretta rekruttering der vi vidareutviklar allereie sterke fagmiljø innan utdanning, forsking og administrasjon. (Frå strategien til HVL.)

I samband med oppretting av studieprogram, periodiske evalueringar og årleg oppfølging av studieprogram vurderer ein den utdanningsfaglege kompetansen knytt til kvart einskild studieprogram.

Utdanningsfagleg kompetanse er også del av fakultetsleiinga si vurdering av kvalitet, og eit av momenta som ligg til grunn for vurdering av studieporteføljen ved institusjonen.

Strategisk kompetanseheving inkluderer system for kompetanseheving av fagtilsette, utdanningsleiarar og administrativt personale. Det omfattar pedagogisk-, didaktisk-, digital- og praksiskompetanse.