Prosjekt
Vi har fleire prosjekt knytt til Kunnskapsbasert praksis på tvers.
InSTEP- Innovation(s) to promote Evidence-based Practice
Doktorgradprosjekt, 2018 -2023
Prosjektleiar: Nina Rydland Olsen. Rettleiarar: Nina Rydland Olsen, Lillebeth Larun (Folkehelseinstituttet), Birgitte Espehaug, Donna Ciliska (McMaster University, Canada). Stipendiat: Susanne Grødem Johnson
Mål med prosjektet:
- Styrke kvaliteten og relevansen av høgare utdanning ved å forbetre kompetansen i kunnskapsbasert praksis blant studentar og klinkere kliniske instruktørar i evidensbasert praksis (EBP). Vi skal undersøke korleis implementere og best nytte ein ny og innovativ mobilapplikasjon (app) som støtter EBP i klinisk utdanning. Appen heter EBPsteps.
Kunnskapsbasert praksis på tvers og på nett
DIKU-prosjekt, 2020-2022
Prosjektleiarar: Nina Rydland Olsen og Kristine Berg Titlestad
Mål med prosjektet:
- Utvikle eit teknologistøtta læringsdesign for kritisk vurdering av forskingsbasert kunnskap, og nytte forskingsbasert kunnskap med erfaringsbasert kunnskap og brukaren sitt behov.
- Utvikle digitale ressurssar for Canvasemnet KBP på tvers.
- Utforske og dokumentere bruk av aktiv læring og teknologistøtta læringsdesign prega av omvendt klasserom og samarbeidslæring, for å styrke kompetanse i kunnskapsbasert praksis blant studentar.