Samordningsprosjektet - BSV

Utdanningane innan barnevern, sosialt arbeid og vernepleie (BSV) skal samordnast innan 1.8.2019. Det er eit eige prosjekt for dette arbeidet, og målsettinga med prosjektet er å samordne utdanningane barnevernspedagog, sosialt arbeid og vernepleie i Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Utdanningane skal samordnast på tvers av studiestadane, samtidig skal lokal profil og utdanningane sine fagspesifikke trekk ivaretakast. 

Prosjektet har i oppgåve å ferdigstille studieplanar i BSV-utdanningane i tråd med den nye nasjonale forskrifta og det nye styringssystemet. Samordningsprosjektet ligg om lag eit halvt år i forkant av det nasjonale prosjektet RETHOS, og føl arbeidet som vert gjort der tett.

Prosjekt ansvarleg er dekan Randi Skår og prosjektleiar er Cecilie Thaule Løvlid. Styringsgruppa vert leia av instituttleiar Svanaug Fjær.

Referansegruppa er samansett av to personar frå praksisfeltet og ein person frå utdanningsfeltet frå kvar utdanning, samt ein frå administrasjonen ved FHS.

Arbeidsprosess