Laboratorium for fysioterapi

Her trener fysioterapistudentane på behandlingsmetodar og øvingar, saman med ein rekke andre fagmiljø.

Studentane har til rådigheit forskjellige laboratorium som poliklinikk, rehabilitering og benkebehandling. Det er også ein fysiologisk testlab med avansert testutstyr.

Bli med inn i fysiologisk testlabb!

 

Benkebehandlingslaboratorium

Benkebehandlingslaboratoria består av to rom med til saman 80 behandlingsbenkar, utstyr for slyngetrening, utstyr for medisinsk treningsterapi og anna øvingsutstyr.

Romma er utstyrt med avansert teknologi og kamera som gjør det mogleg å sjå prosedyrar på nært hald på skjermar rundt i rommet. 

Romma blir brukt hovudsakleg til ferdigheitstrening for fysioterapeutstudentane. Dei blir også nytta av dei andre helsefaglege utdanningane.

Vi nyttar pedagogiske metodar som demonstrasjon, ferdigheitstrening, rettleiing, rollespill, simulering og refleksjon knytt til sentrale ferdigheiter i yrkesutøvinga. Studentane øver både på yrkesspesifikke ferdigheiter og på meir komplekse situasjonar basert på pasientrelaterte scenario.

Fysiologisk testlaboratorium

Fysiologisk testlaboratorium blir brukt både av fysioterapeututdanninga og av idrettsutdanninga ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. 

Fysiologisk testlab har eit stort mangfald av testutstyr som vi nyttar i samarbeidsprosjekt med eksterne partnarar, forskningsprosjekt og studentoppgåver. 

Utstyr i labben:
To Woodwaytredemøller for løping, 25 km/t, 25% stigning
Stor tredemølle, for rullestol, rulleski, rulleskøyter, sykkel, pigging (for funksjonshemmede) 50 km/t, 25% stigning
Lode ergometersykkel
Velotron ergometersykkel
Consept stakeergometer
Consept roergometer
Consept padlergometer
Alle ergometrene har høy målenøyaktighet og er av samme type som er mest brukt i forskning.
Ergospirometri (oskygenopptak)
To Oksycon Pro med miksekammer 
Laktat
Biosen
Lactate scout
Kroppsamensetning
InBody 720
Kraft og spenst
Kistler kraftplattform for måling av kraft i tre plan 
Krafplattform fra Biomekk AS for måling av vertikal kraft
Muscle lab, for måling av power
Bevegelsesanalyse
Oqus kamera, 3D. Avansert kamerasystem med infrarød- høyhastighetsteknikk 
EMG 

Poliklinikklaboratorium

Poliklinikken består av to rom. Begge romma er utstyrt med benk og utstyr for slyngetrening og er eigna til undersøking og benkebehandling av pasientar.

Det eine rommet har også utstyr for diagnostisk ultralyd, infrarødt kamera til termografi, samt lavintensitetslaser for behandling av smerte og inflammasjon.

Utstyret brukar vi både i undervisning og klinikknær forsking.