Laboratorium for sykepleie

I laboratoriene kan studentene tilegne seg ferdigheter i trygge omgivelser som tillater prøving og feiling.

Det fins sjukepleielabb på alle campusane som tilbyr bachlor i sjukepleie. 

I labbane kan studentane lære seg ferdigheiter i trygge omgivnadar, der det er lov til å prøve og feile. Vi nyttar pedagogiske metodar som demonstrasjon, ferdigheitstrening, rettleiing, rollespill, simulering og refleksjon.

Frå kontrollrommet styrer ein operatør avanserte simuleringsdokker på dei ulike laboratoria, og samarbeider med ein fasilitator i simuleringsrommet gjennom lyd og bilete. Operatøren kommuniserer anten gjennom dokka, ut i rommet eller til fasilitatoren.

Avansert audiovisuelt utstyr gjer det mogleg å ta video av simuleringsaktiviteten, som studentene kan sjå i debrifing.

SimArena i Bergen har også eit ein jordmor-labb. Her får studentane trene på ferdigheitar knytt til svangerskap, fødsel og barseltid ved å nytte avanserte dokker som er mest mulig lik det dei kan møte i praksis. 

Bli med inn å sjå!

Sjukepleielaboratoriet

Sjukepleielaboratoriet har senger med ein PC som visar nasjonale prosedyreverk og demonstrasjonsfilmar. 

Studentane trener blant anna på stell av pasientar, forflytning, sårbehandling, kateterisering, injeksjonar og infusjonar, perifere og sentrale venekatetre, sondenedleggelse, førstehjelp og basal og avansert hjarte-lungeredning. 

Jordmorlaboratoriet

På jordmordlaboratoriet har vi avansert simuleringsutstyr slik at studentane får viktige kliniske ferdigheiter knytt til svangerskap, fødsel og barseltid.

Avanserte dokker gjer det mogleg å simulerer ulike typar fødsler og komplikasjonar og avvik som blødning, setefødsel og fastsittende skuldre.

Operasjonslaboratoriet

Operasjonslaboratoriet er som ein operasjonseining lik det som finnes på norske sjukehus. Det har utstyr og fasilitetar for kirurgisk behandling og akutte situasjonar.

I laboratoriet kan anestesi- og operasjonsstudentar jobbe saman, og trene på ferdigheiter innan spesialsjukepleie, teamarbeid, tverrfagleg kommunikasjon og akutte situasjonar.