Fakultetsrådets funksjon og oppgåver
Rådet skal ta del i drøfting av og gi råd i overordna saker som dekanen legg fram. Rådet kan på eige initiativ også løfte fram saker av strategisk eller prinsipiell karakter.
Fakultetsrådets oppgåver
Fakultetsrådet skal drøfte og gi råd til dekan i slike saker:
- Mål og strategiar for fakultetet sin sentrale utdannings- og forskingsaktivitet, og anna aktivitet som følgjer av samfunnsoppdraget
- Fagleg prioritering og dimensjonering med utgangspunkt i mål, ressursgrunnlag av økonomisk eller kompetansemessig art, og utviklingstrekk i sektor og relevante samfunnsområde
- Samhandling med samfunns- og næringsliv, fakultetet si rolle som leverandør av kunnskap og kandidatar, og som aktiv deltakar i samfunnsdebatten
- Verksemdstyring, langsiktig kvalitets-, plan- og budsjettarbeid
- Oppfølging av prioriterte satsingar i strategiplanen
- Vesentlege endringar i organisasjonsdesign for fakultetet
- Saker der HVL-styret eller rektor eksplisitt ønskjer fakultetsrådet sine vurderingar
Fakultetsrådet skal haldast informert om verksemda i fakultetet gjennom:
- Årsrapport og årsrekneskap og andre relevante periodiske institusjonelle rapportar knytt til systematisk verksemdstyring
- Årsrapportar og andre relevante periodiske rapportar knytt til fakultetet si verksemd
- Samandrag frå styringsdialog med leiinga ved høgskulen
- Nasjonale og institusjonelle målingar av omdømme, kvalitet og kandidatetterspurnad, og andre dokument som er særleg viktige for rådet sitt høve til å ta del i strategiske spørsmål