
I dag har me plassert raude roser ved minneplata for Hanne Kristine Fridtun i Førde. Det er fem roser, ei rose frå kvar studiestad ved Høgskulen på Vestlandet; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.
Hanne Kristine var student ved sjukepleieutdanninga i Førde då ho vart teken av dage på Utøya. I dag går tankar, respekt og omsorg til alle dei som vart råka av ugjerningane til terroristen 22. juli 2011.
I alle dagar som kjem vil me gjera vårt for utdanning og danning av menneske, og for eit opplyst og demokratisk samfunn. Åra har gått, men demokrati og frie ordskifte er stadig truga av usanningar, villfarne informasjonsstraumar og konspirasjonsteoriar. Det opne demokratiske samfunnet med fridom, likeverd og mangfald må kjempast for. Vårt eige engasjement og våre eigne handlingar vert avgjerande.
Me lyser fred over minnet til offera for terrorhandlingane.
Me vil aldri gløyma.