22. juli 2025

I dag er det raude roser ved minneplata for Hanne Kristine Fridtun på Vie i Førde. Det er fem roser, ei rose frå kvar studiestad ved Høgskulen på Vestlandet HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

Hanne Kristine var student ved sjukepleieutdanninga i Førde då ho vart teken av dage på Utøya.

I dag går tankar, respekt og omsorg til alle dei som vart råka av ugjerningane til terroristen 22. juli 2011.

I alle dagar som kjem vil me gjera vårt for utdanning og danning av menneske, og for eit opplyst og demokratisk samfunn der fridom, likeverd og mangfald får råda.

Me lyser fred over minnet til offera for terrorhandlingane.

Me vil aldri gløyma.