
Frå leiarverv i Studenttinget på Vestlandet til styremedlem i høgskulestyret
Andrea (24 år) har i studieåret 2024 – 2025 vore leiar i Studenttinget på Vestlandet, det vil seia den øvste tillitsvalde for våre studentar ved Campus Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord. I HVL er leiaren i Studenttinget fast observatør når leiinga har møte, og det har fint å slå av ein prat før sommaren.
Før Andrea vart den øvste tillitsvalde for studentane ved HVL, hadde ho fullført to år av vår treårige bachelorutdanning i sjukepleie. Før dette igjen hadde ho fullført to årsstudium i HVL, i idrett og samfunnsfag.
Du har teke all di utdanning ved vårt Campus Stord. Kva er det med Stord?
- Det er eit fint og koseleg miljø der alle kjenner alle, og med sterke utdanningar og fagmiljø.
Korleis gjekk det til at du vart den øvste studenttillitsvalde i HVL?
- Eg har gått gradene og vore aktiv i studentmiljøet og i studentidrettslaget. Ein vert på ein måte bitt av basillen, for ein ser at det er ting å ta tak i og ein ser at det nyttar å arbeida for studentane.
Frå hausten av skal du representera studentane i styret for HVL. Kva er det som driv deg?
- Eg har eit sterkt ønskje og vilje til å bidra til at HVL vert ein best mogleg plass å studera. Studentar kan sjølv gjera ein skilnad. Det er ting eg skulle ønskja folk før meg hadde kjempa for, slik som til dømes kvalitetssikring av praksis. Dei som er rettleiarar på praksisplassane er dyktige. Men det er samstundes viktig at studentar er der for å læra, ikkje for å vera ekstrahjelp.
- Eg tykkjer også at det er viktig at studentane vert involvert i forsking og her er HVL på god veg. Det er viktig å forstå korleis forskingsbasert kunnskap vert til. Slik kan ein både vera med og utvikla kunnskap og også stilla seg kritisk til dei innsiktene som vert presentert.
Du har i studieåret 2024-2025 vore observatør i møta til Toppleiinga ved HVL. Kva er di erfaring?
- Det å vera observatør gir eit godt høve til å vera oppdatert og å få innblikk i det strategiske arbeidet ved HVL. Ein får også blikk for og forståing for organisasjonen som heilskap. Det er også lettare å koma fram med studentane sitt perspektiv når ein er kjend med aktuelle saker, organisasjonen og folka som arbeider her.
Kva vil du seia er status for engasjementet mellom studentane?
- Det er på veg opp, det er meir vilje og eit sterkare ønskje mellom studentane no til å engasjera seg enn for nokre år sidan.
Kva er hovudutfordringa for studentengasjementet i Noreg i 2025?
- Her vil eg peika på den økonomiske situasjonen. Mange må velja å ta betalt arbeid framfor å arbeida frivillig. Men her opplever eg at me i HVL er på rett veg. Det er fleire som engasjerer seg og vil gjera ein frivillig innsats for at studentane si røyst skal høyrast og for å prega studentkvardagen positivt. Men det er nok slik at mange er heilt avhengig av ein deltidsjobb ved sidan av studiane. Då er det ikkje att so mykje tid til anna enn studiar og deltidsjobben.
Korleis vil du skildra samarbeidet mellom høgskulen og studenttillitsvalde?
- Eg meiner HVL er den beste, eller i alle blant dei beste universiteta og høgskulane, på samarbeid mellom studenttillitsvalde og leiing.
Takk, det var litt av ein attest! Men er ikkje det ein fare i dette at leiinga i høgskulen og studentane sine fremste tillitsvalde vert for samde og samkøyrte, og mister utfordringar for den vanlege studenten av syne?
- Nei, eg trur ikkje det. Det å vera studentleiar i HVL betyr å engasjera seg for studentar på fem ulike campus og på ulike utdanningar. Det er studenttillistvalde si fremste oppgåve og ein gløymer ikkje det fordi om ein arbeider tett på leiarar i høgskulen. Det er sjølvsagt framleis mykje å retta på, men måten dei studenttillitsvalde vert møtt på, gir gode utsikter.
Våren 2026 er du etter planen ferdig utdanna sjukepleiar frå HVL. Har du bestemt kvar vegen då går vidare?
- Eg er litt usikker, men det er i alle fall ein spanande arbeidsmarknad for sjukepleiarar på Vestlandet, i Noreg og internasjonalt.
Takk for praten, Andrea. Takk for samarbeidet og lukke til vidare med både studiar og styreverv!
God sommar!
