
Stad: Clermont-Ferrand, Frankrike.
Innanfor rammene av Universitetet i Clermont-Ferrand sitt gode vertskap, og heia fram av EU-kommisjonen ved Sacha Beck, har utsendingar frå alle institusjonar vore samla til verkstadar og arbeidsøkter for å gi universitetsalliansen ARTEMIS det beste grunnlaget.
Dei næraste fire åra skal me saman utvikla utdanning, forsking og nyskaping, og ta eit særleg ansvar for berekraftig utvikling.
Samspel med og styrking av regionane vil vere grunnleggjande viktig for Europa.
HVL samarbeider difor med offentlege og private verksemder i Vestland og Rogaland fylke for å driva dette fram. I framkant av tilstellinga i Frankrike har me hatt tilstellingar ved våre campus i Haugesund, i Sogndal, på Stord, i Bergen og i Førde. Mobilisering og godt arbeid vil halda fram.
Tilsvarande skjer rundt våre samarbeidande universitet og høgskular i Frankrike, Belgia, Italia, Tyskland, Estland, Romania og Hellas.
ARTEMIS er eit forkorting for "Alliance for Regional Transition, Equality, Mobility, Inclusion and Sustainability".