Eksamen står føre

Laurdag 8. mars på ettermiddagen i høgskulebygget på campus Sogndal møtte eg Gina, Malin og Diana. Alle studentar ved bachelor i sosialt arbeid. Intenst studerande. Eksamen står føre i stats- og kommunalkunnskap og barnevern.

Me rakk ein kjapp faktaorientert prat.

Gina Ødegård, 21 år, er frå Voss
Utdanning: Første år ved bachelor i sosialt arbeid.

Kvar ønskjer du å arbeida med: Kriminalomsorgen.

Kvifor studerer du sosialt arbeid: Eg vil ha ei utdanning som gir meg grunnlag for å hjelpa folk som har det vanskeleg.

Kvifor studerer du i Sogndal: Eg kom ikkje inn i Trondheim, og eg hadde høyrt mykje godt om studentmiljøet og om Sogndal som studiestad. Dessutan er Sogndal mykje billegare og ligg nærare Voss. Eg tykkjer også det går greitt å finna den rette balansen mellom studiar og fritid her.

Malin Erichsen, 21 år, er frå Sotra
Utdanning: Første år ved bachelor i sosialt arbeid.

Kva ønskjer du å arbeida med: Eg ønskjer å arbeida med folk som strevar psykisk. Det fine med sosialt arbeid er at det gir grunnlag for å hjelpa folk som strevar med ulike ting.

Kvifor studerer du i Sogndal: Sogndal har eit godt omdømme og eg hadde høyrt mykje fint om både studentmiljøet og den fantastiske naturen. Eg hadde tenkt at eg skulle studera i Bergen, men no er eg glad for at det vart Sogndal. Det gjer veldig godt å byrja på nytt ein annan stad.

Diana Demiri, 21 år, er frå Ulvik
Utdanning: Andre året ved bachelor i sosialt arbeid.

Kva ønskjer du å arbeida med: Eg vil ha ein gjevande jobb der eg får arbeida med og hjelpa menneske. Etter bachelor i sosialt arbeid vurderer eg å ta masterprogram i familieterapi.

Kvifor studerer du i Sogndal: Eg søkte, men kom ikkje inn i Bergen. Då var det fint å satsa i Sogndal. Det er passeleg stort og det er veldig lett å verta kjend med folk. I studentsamfunnet og på Meieriet er det stadig fine program og snart er det Veka.

Takk for praten Gina, Malin og Diana. Lukke til vidare!