
Tillitsvald branningeniørstudent
I 2025 står HVL registrert med 16 850 studentar. Ein av dei er Nils Kristian Lyshaug. Han er frå Mandalen i Kåfjord kommune i Nord-Troms. Kommunen grensar til Finnmark. Før han tok til å studera i HVL hadde han ei aktiv arbeidskarriere der han drog vekslar på to fagbrev, som telekommunikasjonsmontør og som elektrikar.
Sidan juni 2024 har han vore tillitsvald for studentane på Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap.
Kvifor tek du tillitsverv, Nils Kristian?
Eg vil at alle studentar har det so bra som mogleg. Det er fint å vera studentane si røyst. Ofte klarar me å løysa saker gjennom dialog. Men nokon må faktisk ta opp og føra fram aktuelle problemstillingar for studentane.
Kva ønskjer du å arbeida med når branningeniørutdanninga er fullført?
Eg er veldig glad i brannsikkerheit. Eg ser føre meg eit arbeid der eg både kan arbeida i med prosjektering der det trengst djupneforståing, samstundes som eg også får arbeida praktisk ute i felten.
Kva er det beste med å studera i Haugesund?
Det er akkurat stort nok. Me har kort veg til faglærar og bibliotek, og det er fine arbeidsplassar for studentane. Dessutan er det lett å verta kjent med nye folk på kort tid.
Kva er det verste?
Eg har verkeleg ikkje mykje å klaga over. Men det kan ta litt lang tid å få ordna opp i feil og manglar.
Kvar og korleis skal du og familien feira jul?
Me skal feira jul i Haugesund. Det tek for lang tid og det vert for dyrt å reisa nordover no. Jula er ei tid for ro, familie og samhald. Med ei jente på 4 år og ein gut på 6 er det fine stunder i sikte. Julekvelden har me god mat med ribbe og røykt pinnekjøt. Til dessert er det anten riskrem eller moltekrem.
Takk for praten Nils Kristian Lyshaug! Og gratulerer med dagen 24. desember. Då fyller du 36 år. Til lukke!