
Studentar som engasjerer seg
Det er snart siste helga før stortings- og sametingsvalet. Johanne er i Studenttinget på Vestlande, Amanda er campustillitsvald.
Namn: Johanne Lothe Hillesland
Alder: 20 år
Utdanning i HVL: Går 2. året på branningeniør
Kva er ditt tillitsverv i HVL?
- Eg sit i ei 30 % stilling i arbeidsutvalet for Campus Haugesund.
Har du hatt tillitsverv før?
- Eg har vore institutt-tillitsvald i eit år og klassetillitsvald.
Heimstadkommune:
Karmøy kommune
Kvifor er du tillitsvald?
- Eg er tillitsvald fordi eg tykkjer det sosiale fellesskapet er viktig, og eg synest det er både lærerikt og veldig kjekt å bidra til at alle trivst og blir høyrt. Det gir meg moglegheit til å påverke, samarbeide med andre og skape eit positivt miljø for alle.
Kva er det beste ved å studera i Haugesund?
- Det beste med å studere i Haugesund er nærleiken til byen, som gjer det lett å kombinere studiar og fritid. Samstundes er miljøet lite og oversiktleg, noko som gjer det enkelt å knyte nære forhold, og lærarane er flinke og engasjerte.
Kva kan bli betre?
- Tilbodet av aktivitetar og møteplassar på campus kan bli betre, og enkelte undervisningsrom og fasilitetar kan oppgraderast. Med nybygget som no er på gang, blir mange av desse utfordringane tatt tak i. Eg vil også jobbe for betre synlegheit, slik at studentane veit kva vi gjer, og føler seg høyrde.
Kva mål har du for studentane og Campus Haugesund i studieåret 2025–2026?
- Målet mitt for studentane og Campus Haugesund i studieåret 2025–2026 er å vere ein trygg person som alle kan kome til, og å sørgje for at studentane føler seg høyrde og ivaretekne. Eg vil arbeide for at studentane får sagt meiningane sine, og at campus blir ein inkluderande stad der alle kan trivast og bidra .
Namn: Amanda Wessel Skaar
Alder: 25 år
Utdanning i HVL: Master of Science in Business, Regional economics and innovation
Kva er ditt tillitsverv i HVL?
- Campustillitsvald på campus Haugesund
Har du hatt tillitsverv før?
- Ja, blant anna 3 år som tillitsvald når eg tok bachelor på HVL.
Heimstadkommune:
- Eg kommer frå Senja i nord, men har budd i Tysvær i nokre år nå.
Kvifor er du tillitsvald?
- Eg ønskjer å vere ei stemme for studentane, fordi eg meiner det er viktig at vi som studentar seier ifrå om våre behov og utfordringar.
Kva er det beste ved å studera i Haugesund?
- Skolen lever opp til «tett-på», eg likar at det er enkelt å få kontakt med førelesarane og dei ønsker det beste for oss.
Kva kan bli betre?
- Eg trur vi kan bli flinkare til å informere om tilboda som finst på skulen. I tillegg meiner eg at forelesarane og instituttleiinga kan bli betre til å invitere studentar til møter for å diskutere utfordringar vi står overfor.
Kva mål har du for studentane og Campus Haugesund i studieåret 2025-2026?
- Eg ønsker å auke aktiviteten blant studentane, gjere oss meir synlege, og sørge for at vi blir meir til stades i byen!