
Torsdagskveld 15. august gjekk eg "faddervakt" i Bergen saman med leiar i Studenttinget på Vestlandet, Andrea Grutle og nestleiar Mattis Rovik. Det vart ein kjekk runde der me ikkje berre helsa på studentar som dyrka utelivet, men også snakka om korleis HVL i studieåret 2024 - 2025 kan arbeida for at studentane lukkast.
Det er ei stor glede å vera godt i gang med studieåret 2024-2025 ved Høgskulen på Vestlandet.
Nær 4 000 nye studentar har gjennomført sine første faglege økter ved ny utdanning og sett liv i våre campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord.
Nye studentar gir også ny kraft og fart til by og bygd.