Fredag 14. mars la forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland fram den nye stortingsmeldinga med tittelen «Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning» (Meld. St. 11 (2024 – 2025)).

Førsteinntrykket av meldinga er todelt. Det eine er at den politiske prioriteringa som har kome fagskulane til del sidan 2017 skal halda fram. Berre dei siste åra har det kome til 2000 nye studieplassar. Det er ei prioritering som er tufta på at fagarbeidarar og fagskulane med si praktiske og erfaringsbaserte orientering, og store fleksibilitet, er viktige for Noreg si løysing av store samfunnsutfordringar i vår tid: demografisk utvikling, digitalisering, energiomstilling, klimaskifte, råvaremangel, velferd og geopolitikk. Det er også ei prioritering som siktar mot å mobilisera større deler av arbeidsstyrken inn mot det yrkesfaglege. Ved presentasjonen i dag gledde statsråden seg særleg over auken i søknaden til yrkesfag i vidaregåande skule.

Det andre er at meldinga synest å gjera framlegg om eit særs viktig ryddearbeid, ikkje berre for fagskulane, men for heile utdanningssektoren. Fagskulane sin plass i utdanningssystemet vert avklara og gjort tydeleg. Dette er avgjerande viktig for elevar og komande studentar som skal gjera viktige val i livet og også for dei ulike skuleslaga si sjølvforståing. Samstundes som meldinga framhevar fagskulane sin eigenart og styrke, slår ho også fast at bachelor- og mastergrader framleis skal gjevast av universitet og høgskular, og det er universitet og høgskular som har ansvar for forskingsbasert utdanning.

Dette er ei rydding som trengst og som kan styrka vert både arbeid og samarbeid. HVL tilbyr ei rekkje profesjonsutdanningar som har eit sterkt praksisinnslag, utdanningar som også er tufta på erfaringar frå arbeidslivet. Ingeniørutdanning, lærarutdanning (grunnskulelærar og barnehagelærar) og sjukepleieutdanning er typiske døme. Men dette er også utdanningar der forskingsgrunnlaget har vorte mykje styrka dei siste tjue åra, mellom anna fordi dei utdannar til profesjonar og arbeidsliv som i stadig større grad treng oppdatert og forskingsbasert kunnskap.

Fylkeskommunane får ei hovudrolle i satsinga på fagskulane frametter. Høgskulen på Vestlandet med campus i Haugesund, på Stord, i Bergen, i Sogndal og i Førde, ser fram til eit sterkt og utviklande samarbeid.