Fortida er ikkje det ho ein gong var

2025 var året då Noreg feira 200 år for utvandringa til Nord-Amerika. Våre fremste  kunnskapsmiljø har bygt opp historiske utstillingar til jubileumsåret. Men den første direktelinja med dampskip frå Noreg til Nord-Amerika etablert i Bergen i 1871, manglar i jubileumsutstillingane. 

I «Crossings 200», den digitale utstillinga til Norsk utvandrermuseum, heiter det jamvel at det var den danske Thingvallalinjen som i 1880 etablerte den første direkte passasjerruta frå Skandinavia til Nord-Amerika. Men på dette tidspunktet hadde det bergenske reiarlaget Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab frakta nær 9000 nordmenn direkte frå Noreg til det lova landet.  

Det meiningsfulle i samtida
Heller ikkje Nasjonalbiblioteket nemner Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab i utstillinga «Rett vest. Drømmen om et bedre liv i Amerika». Ein kan gjerne spekulera i kva historisk metode og perspektiv som har gjort den historiske krossatlantiske dampskipsfarten frå Bergen av 1871 usynleg i jubileumsutstillingane i 2025.  Ein framifrå fagmann til å vurdera nett dette ville ha vore professor Knut Kjeldstadli. Han døydde 4. november i år, 77 år gamal. I sitt verke som forskar, lærar, forfattar og formidlar, bidrog Kjeldstadli gjennom fleire tiår til at det metodiske grunnlaget for historie som vitskap og den gode formidlinga av historie i Noreg vart styrkt.  

Tittelen på denne teksten er eit lån frå Kjeldstadli si bok «Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget». Boka er omsett til fleire språk og har opplyst både studentar og profesjonelle historikarar frå første utgjeving i 1992 og fram til i dag. Boka etablerer historiefaget som ein sanningssøkjande vitskapleg disiplin der grunnlag i kjelder og utøving av kjeldekritikk er basis, samstundes som teoretisk refleksjon og metodisk mangfald styrkar faget.

Men Kjeldstadli var også oppteken av historiefaget si rolle i samfunnet i samtida. Og i medhald av boka kan jubileumsutstillingane i 2025 gjerne vurderast som vellukka fordi dei framstiller den norske utvandringa til Nord-Amerika på eit vis som er interessant og relevant for menneske og samfunn i dag. I ei samtid prega av internasjonal flyktningkrise og eit politisk hamskifte i USA, kan norske historiske skipsfartsbragder i 1870-åra verta småe. Historikarens ønskje om å bidra med historiske lærdommar og ansvar for relevans i samtida, gjer at det som var verkeleg viktig for menneske ein gong i fortida, kan verta gløymt eller faktisk må veljast vekk og slik ikkje får plass i den historiske framstillinga.

Det store gjennombrotet
Eit gløtt inn i norske aviser i 1870-åra avdekkjer uansett følgjande: Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab med tilhøyrande skipsflåte vart vurdert som det største og viktigaste gjennombrotet i norsk skipsfart. Gjennombrotet innebar det store teknologiskiftet frå segl til damp, og det innebar ein tryggare og meir effektiv reisemåte for norske utvandrarar.

Norsk skipsfart var fram til 1870-åra framleis dominert av seglskuter. Engelske dampskip, som først var i norske hamner i 1840-åra, var i siste del av 1860-åra i ferd med å konkurrera dei norske seglskipa vekk frå overfartsmarknaden til Nord-Amerika. Dette trass i at dei engelske dampskipa hadde ein heller omstendeleg reiseveg til Nord-Amerika. Frå norske hamner gjekk ruta typisk til austkystbyen Hull. Der vart dei reisande lasta om til tog og jarnbane for transport gjennom England til vestkystbyen Liverpool. Der venta omlasting til skip som skulle fullenda ferda.  

Til skilnad frå dette gjekk Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab i direktefart frå Bergen til New York. For dei norske utvandrarane innebar det ein raskare overfart. Overfarten på norsk kjøl var også tryggare. Mannskapet var norsk og det var eigen skipslege om bord. God reinsemd og norsk mat skulle sikra mot vanstell og sjukdom.

”…det største Fartøi i den norske Handelsflaade”
Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab sette også inn fleire skip av ein storleik som var heilt ny i norske hamner. Skipa var alle bygde i England. ST OLAF, det første skipet, var 240 fot langt, hadde ei breidd på 35 fot, stakk 21 fot djupt, og kunne ta 500 passasjerar i tillegg til last.


Dampskipet ST OLAF (1871-1903) på Puddefjorden, Bergen. I bakgrunnen litt av Nordnes, Sandvikfjellet (venstre) og Fløyenfjellet. Skipet har reiarlaget H.M. Wrangell, Haugesund, sitt skorsteinsmerke. Etter dette kan fotografiet daterast til 1899-1903. Foto/copyright: Bergens Sjøfartsmuseum. Fotograf: Ukjent.


Om sjøsetjinga av ST OLAF i Newcastle skreiv Stavanger Amtstidende 13. april 1871:

Det for Regning af et bergensk rederi byggede Jerndampskip «St. Olaf» løb Skjærtorsdag af Stabelen i Newcastle. Skibet, der skal gaa i direkte Fart mellem Bergen og Newyork, har en Drægtighed af 2500 Tons og laster omtrent 20 000 Tønder Korn foruden det nødvendige Kulforraad. Det er saaledes det største Fartøi i den norske Handelsflaade.

Vel framme i Bergen i juli fekk den store nye amerikafararen mykje merksemd. I Bergens Adressecontoirs Efterretninger stod det å lesa 4. juli 1871:

Søndag Morgen ankom her til Byen, den store, nye Amerikafarer «St. Olaf», ført af Kapt. Hille, der er bygget i England for P. Jebsens med Fleres Regning. Det var en stor Masse Mennesker forsamlet oppe paa Haugen lige fra Fredriksberg op til Katten, der hilsede dette stolte Skib velkommen, og hele Dagen gjennem mottog det utallige Visitter av Besøgende (…)

Avisa slo fast:  

Dampskibet «St. Olaf» er visselig det største og i væsentlige Retninger det bedst udstyrede Skib, der seiler under norsk Flag».

Ved ST OLAF sin andre avgang frå Bergen til New York i september 1871, let Dagbladet seg også imponera:

Paa vor Havn ligger for Øiebblikket vort største Skib, - vore største Orlogsskibe ibergenet - der farer under norsk Flag, - og uden Tvivl det største Fartøi i de tre nordiske Riger. Det er Emigrantdampskibet «St. Olaf», den første norske «Oceandamper», der i morgen tiltræder sin anden Reise til Amerika. (Dagbladet, 19.09.1871.)

Då ST. OLAF i 1873 gjekk mellom Kristiania via Bergen og New York skreiv Dagbladet 31. mars at «i gaar Eftermiddag lettede «St. Olaf», der under sit korte Ophold her paa Havnen havde været besøgt af en Mængde skuelystne, Anker og stod i det deiligste Solskinsveir og Stille ud af Fjorden. Fæstningsbryggen var aldeles opfyldt af Tilskuere, og saa lenge man kunde øine det vældige Skib, der med det amerikanske Flag paa Fortoppen, Selskabets Mærke paa den anden Top og det norske Flag vaiende akterud, gled rolig afsted paa sin lange fart, vexledes der Hilsninger mellem de paa Dækket forsamlede Emigranter og de Tilbageværende.”


Våren 1871 annonserte Det norsk- amerikanske Dampskibsselskab/Den norsk- amerikanske Dampskibs-Linie i aviser i heile landet om føreståande emigrantfart direkte Noreg – Amerika (Nordlands Amtstidende, 01.02.1871).


Tre utvandingsbølgjer
I tida frå 1835 til 1915 utvandra meir enn 750 000 menneske frå Noreg, dei fleste av desse til Nord-Amerika. I Europa var det berre Irland som hadde ein større del av folket som utvandra. Talet på innbyggjarar i Noreg var om lag 880 000 i 1800. Jamvel med den omfattande utvandringa var folketalet nådd 2,2 millionar i 1900.  

Den sterke folketalsauken gjennom heile 1800-talet låg til grunn for mykje av utvandringa. Samstundes var utvandringa særleg intensiv i tre periodar, eit fenomen som med rette kan kallast utvandringsbølgjer. Kvar av utvandringsbølgjene må forståast utifrå samtidas levevilkår i Noreg og kva vilkår ein kunne venta på den andre sida av Atlanteren. Frå 1866 til 1873 utvandra 111 000 nordmenn, frå 1880 til 1893 utvandra over 250 000, og 200 000 utvandra mellom 1900 og 1910.

Etableringa av Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab kom i samband med den første av dei store utvandringsbølgjene, altså frå 1866 til 1873. Samstundes som det var dårlege tider i Noreg, lova den amerikanske Homestead-lova av 1862 650 mål jord til den europearen som ville busetja seg og driva jordbruk. Då den amerikanske borgarkrigen endeleg tok slutt i 1865 var det duka for den første bølgja av utvandrarar til det lova landet.

Skipsreiarar og andre spekulantar
Krig eller fred i USA; å bryta opp frå heimstaden i Noreg og ta seg over til Nord-Amerika var på 1800-talet eit dramatisk og varig oppbrot. Det var også ei dyr og farefull båtreise. Sjøvegen var den einaste vegen. Men Utvandrarmuseets «Crossings 200» aktar ikkje mykje på båttransporten. Det gjer heller ikkje Nasjonalbiblioteket i si utstilling «Rett vest. Drømmen om et bedre liv i Amerika» i Oslo. I tidsrommet etter  RESTAURATION  la ut frå Stavanger i 1825 og fram til stiftinga av Den norske Amerikalinje i 1910, er skipsfarten lite omtala. Det er eit tidsrom som omfatta den store mengda av norske utvandrarar og der det store teknologiskiftet frå segl til damp i skipsfarten finn stad.

Nasjonalbiblioteket har rett nok i si jubileumsutstilling i 2025 funne rom til å inkludera skipsfarten og reiarlaga i sekkeposten «spekulanter», folk som etter det som vert hevda ikkje hadde anna interesse enn å tena pengar på utvandringa. Under overskrifta  «Lengselens profitt» står det å lesa:

«Helt fra utvandringen startet, så noen sitt snitt til å tjene penger på den. Mens utvandrere drømte om et bedre liv, drømte skipsredere, jernbaneselskap, statlige agenter og andre spekulanter om å profittere på andres vei mot lykken i den nye verden.»

«…vidtskuende forretningsmenn i Bergen»
Om Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab og Bergen ikkje har sett nemnande spor i nasjonale utstillingar i 2025, er føretaket betre framme i den historiske litteraturen. Hjå Sverre Mørkhagen, forfattaren bak verket «Farvel Norge. Utvandringen til Amerika 1825-1975» har Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab og menneska som stod bak fått ei meir utførleg handsaming.

Konsul Peter Jebsen (1824 – 1892) var ein av dei store pionerane i norsk tekstilindustri, ein mann som sytte for å ta den industrielle revolusjonen frå England til Noreg. Frå posisjonen som fabrikkeigar i Arna investerte han i 1850-åra i seglskip og gjekk i 1860 inn i Det Bergenske Dampskibsselskab.

Med den samtidige akselererande utviklinga i emigrantfarten på slutten av 1860-åra, samla Jebsen eit nettverk av bankfolk og forretningsmenn i Bergen, ei samling som munna ut i Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab. I styret sat i tillegg til Peter Jebsen sjølv, kjøpmann C. Sundt, banksjef Jørgen Faye, kjøpmann Chr. Kahrs og kjøpmann C.K. Gran. I C.J. Hambro sitt tilbakeblikk i 1935 vart denne forsamlinga omtala som «en rekke vidtskuende forretningsmenn».


Peter Jebsen var den store drivkrafta bak Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab. Biletet er henta frå boka om merkesmenn i Bergens næringsliv som kom ut i 1948.

I tur og orden sette Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab skipa ST OLAF, PETER JEBSEN, HARALD HAARFAGER, HAKON ADELSTEN og KONG SVERRE inn i emigranttrafikken. Det var alle skip som var rikt utstyrte og som kunne kombinera passasjertrafikk med frakt av ulike materialar. I 1873 segla heile 2782 utvandrarar med Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab.

Mellom skipa var KONG SVERRE på 3500 tonn særleg ruvande. Det hadde plass til 40 passasjerar på første klasse, 40 på andre og heile 700 passasjerar på tredje klasse. Skipet hadde på første klasse detaljar i polert og skore tre, og der fløyelstrekte sete prega salongane. «Skipet var det  største som noen gang var bygget ved verftet i Middlesbrough, og det vakte oppsikt overalt som Skandinavias stolteste skip», skriv Sverre Mørkhagen.

Stor satsing, kort levetid
Alt før utgangen av 1870-åra var den store satsinga i Bergen slutt. Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab vart oppløyst og dei ulike skipa vart avhenda og sette inn i annan trafikk. Viktig bakgrunn var at den norske utvandringa gjekk ned fleire år på rad utetter 1870-talet. Landbruket i USA var ramma av depresjon, ein depresjon som vara til ut i 1890-åra. På same tid var det oppgang i norsk økonomi. Dei økonomiske omstenda her og «over there» slo kraftig inn på talet på norske utvandrarar, frå 10 352 i toppåret til 3206 i botnåret 1877. Då utvandringa tok seg kraftig opp att i 1880-åra, var det andre og mindre aktørar som tok over.

Kanskje forklarar den korte levetida til Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab at den første damprivne direkteruta mellom Noreg og Nord-Amerika manglar i jubileumsutstillingane i 2025. Ikkje før grunnlegginga av Den norske amerikalinje i 1910 kom eit like ambisiøst og storslege føretak fram i norsk skipsfart.

Den norske amerikalinje vart pregande for reiser mellom Noreg og USA heilt fram til 1970-åra, berre halden tilbake av to verdskrigar. Amerikalinja var etablert i eit meir nasjonalt orientert Noreg etter unionsoppløysinga frå Sverige i 1905. I den norske historieforteljinga i 2025 er nok den nasjonale orienteringa og langvarige framgangen til Amerikalinja lettare å få auga på og å forstå enn det bergenske nybrottet av 1871.  

Kjelder:

Bjørkelund, L. M., Piisila, K., & Skjong, A. (2013). Rederiene H.M. Wrangell & Co og Jacob Odland S.S. 1882-1986. Havnedagene i Haugesund i samarbeid med medlemmer av Norsk skipsfartshistorisk selskap.

Bøgh, Christen Gran (1948). Merkesmenn i bergensk næringsliv: 12 portretter (p. 199). Grieg.

Hambro, C.J. (1935).  Amerikaferd: av emigrasjonens historie. Til Den norske amerikalinjes 25-års jubileum. Tanum.

Hammerborg, M. (2003). Skipsfartsbyen: Haugesunds skipsfartshistorie 1850-2000. Eide.

Kjeldstadli, K. (1999). Fortida er ikke hva den en gang var : en innføring i historiefaget (2. utg.). Universitetsforlaget.

Kleppa, H. (2025). Notat om det Det norsk-amerikanske Dampskibsselskab 1871 – 1878. Upublisert.

Kleppa, H. (2025). Notat om Dampskipet ST. OLAF 1871 – 1903 - «den norske Skibsflaades Konge». Upublisert.

Mørkhagen, S.  (2017).  Farvel Norge: utvandringen til Amerika 1825-1975 (2. utg.). Gyldendal.

Nasjonalbiblioteket (2025). Rett vest. Drømmen om et bedre liv i Amerika.  Utstilling i Oslo.

Norsk utvandrermuseum (2025). Crossings200. Norge & Nord-Amerika 1825 – 2025. Digital utstilling.

Østrem, N. O. (2019). Norsk utvandringshistorie. Det norske samlaget.