Gjensidige orienteringsmøte

I første arbeidsveka i 2026 var det kjekt for rektor å møta tillitsvalde og hovudverneombod til vårt gjensidige orienteringsmøte

Me har slike møte kvar månad der me informerer om og luftar ulike perspektiv på aktuelle saker i høgskulen. Desse møta er eit tillegg til dei formaliserte møta for informasjon, drøfting og forhandling.

I Høgskulen på Vestlandet vil me ha ein felles organisasjonskultur der demokrati og medverknad er viktige deler av identitet og styreform. Det krev mykje av alle partar, særleg fordi me må ha ein god balanse mellom fysisk nærvær og digitale arbeidsformer. Aktiv bruk og tilrettelegging for tillitsvalde og verneombod er uansett viktig basis