
Håpet er sjølve livskrafta, sa kong Harald i nyttårstalen.
Truleg er det mange som kan kjenna seg att i akkurat det. Håp er grunnleggjande viktig. Slik er det også ved universitet og høgskular. Utdanning og forsking er verksemder som er kjenneteikna av at det krevst flid over tid for å lukkast.
Men arbeidsinnsats og tolmod frå studentar, lærarar og forskarar, inklusive støtte frå bibliotek og administrasjon, finn næring i eit større håp; håpet om at ny kunnskap og kunnskapsformidling er til gagn for både den einskilde og samfunnet.
Universitet og høgskular vert tidt og ofte vurdert utifrå talet på utdanna kandidatar, vitskaplege publikasjonar og evna til å henta inn eksterne inntekter. Men i tider som våre med internasjonal uro, krig og økonomisk uvisse er kanskje vårt viktigaste bidrag at utdanning og forsking gir dei unge håp for framtida.
Den grunnleggjande rolla til håpet, eller «vona» som ein kan seia på nynorsk og då med norrønt opphav, er ei eldgammal erkjenning. «Voni gjer den veike sterk», noterte Ivar Aasen då han samla inn norske ordtak. I høve til utdanning og forsking kan vona, eller håpet, då gi motivasjon og inspirasjon til å gjennomføra det arbeidet som trengst for å nå måla.
Håpet trengst fordi både utdanning og forsking har noko grunnleggjande usikkert ved seg. Den einskilde studenten kan til dømes vera usikker på om utdanninga ein er byrja på vil gi grunnlag for å koma ut i meiningsfullt arbeid eller om ein faktisk har valt rett utdanning. Forskaren på si side kan vera usikker på om problemstillinga ein arbeider med er fruktbar eller relevant, eller om søknaden om forskingsmidlar vil nå fram.
Håp gir styrke. Men om håpet skal ha gode levevilkår i utdanning og forsking, må det følgjast opp med engasjement og målmedvite arbeid. Ansvarslaus optimisme av typen «det lagar seg alltids», eller passiviserande pessimisme av typen «alt er fåfengt», fører lite godt med seg. Kvar einaste dag må det arbeidast for å tilby utdanning og forsking av beste merke. Slik kan håpet få eit truverdig grunnlag.
Frå 1.1.2025 tek eg til i eit nytt fireårig åremål som rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Om ei tid vil arbeidet vårt i HVL føra fram til Universitetet på Vestlandet.
Høgskule eller universitet; i lag med studentar og tilsette ved våre campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord, og ei rad gode samarbeidspartar lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, ser eg kvar dag fram til å gjera visjonen vår til røyndom:
«Kunnskap som byggjer menneske og samfunn».