Godt val

For eit flott opplegg me har i Noreg for å kunna førehandsrøysta til stortingsvalet!
 
Dette er mogleg i alle kommunar heilt fram til fredag 5. september. Det er eit særs viktig tiltak i eit land der mange unge og vaksne studerer, arbeider og bur vekke frå heimkommunen.
 
I HVL informerer me aktivt til studentar og tilsette om høvet til å førehandsrøysta ved våre studiestadar i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Alle stader legg kommunen godt til rette.

Denne veka røysta eg til stortingsvalet inne i lokala våre på Kronstad, vårt Campus Bergen. Dyktige og vennlege medarbeidarar frå Bergen kommune såg til at alt gjekk korrekt føre seg.

Måndag 8. september er sjølve valdagen for stortings- og sametingsvalet i 2025.

Bruk røysteretten! Godt val!