Med kraft i student-engasjement

Det er ei særskild gåve å snakka med studentane våre og dei studenttillitsvalde. Les gjerne litt frå samtalen med 20 år gamle Inger Christin Hystad Barane som studerer på campus Stord, og kjenn på krafta i student-engasjement i 2025. 

Namn: Inger Christin Hystad Barane
Alder: 20 
Utdanning i HVL: Grunnskulelærar 5.-10. trinn 
Heimstadkommune: Stord 

Kva er ditt tillitsverv i HVL? 
Eg sit ei 100% stilling som nestleiar og læringsmiljøansvarleg i Studenttinget på Vestlandet.

Har du hatt tillitsverv før? 
Eg har hatt ulike tillitsverv tidlegare sidan eg var 14 år. Både som leiar i ungdomsråda i kommunen og fylket, som folkevald og som tidlegare CTV (Campustillitsvald) her på campus Stord

Kvifor er du tillitsvald? 
Eg er tillitsvald for eg trur på at engasjement kan gjer ein forskjell. Eg ynskjer å vera ei tydeleg stemma som folk er trygge på og føler seg høyrt av. Det er viktig for meg at studentane på HVL uansett campus føler seg høyrt, inkludert og velkommen.

Kva er det beste ved å studera på Stord? 
Det besta ved å studera på Stord må definitivt vera det gode samhaldet og studentengasjementet me har her. Tross at det er eit lite campus har me eit levande studentliv som gir så mykje. Ikkje minst må jo noko av det besta og vera den nydelige skulehagen og naturen i nærområdet, den slår ingen. 

Kva kan bli betre? 
Det som kunne blitt betre er informasjonsflyten om studentdemokratiet. Me er avhengig for å kunna gjera jobben vår at me har tett og nær dialog med studentane, og for å få det må dei og veta om oss. Her skulle eg ynskje at forelesarane og HVL hadde bidratt enda litt meir. 

Takk for praten og e-post, Inger Christin. Lukke til vidare med utdanning og tillitsverv!