Torsdag 9. januar presenterte og diskuterte rektorane i VINST-alliansen resultata og det store potensialet som ligg i utdanning, forsking og nyskaping med stortingspolitkar Kari-Anne Jønnes i Høgre. 

Dei fire institusjonane Universitetet i Søraust-Noreg, Nord universitet, Universitetet i Innlandet og Høgskulen på Vestlandet samarbeider aktivt i VINST-alliansen, og har samla studenttal på over 60 000, har over 6 000 tilsette og tek ansvar for utdanning og forsking ved i alt 27 studiestadar i nord, sør, aust og vest.

Profesjons- og abeidslivsretta profil og sterk praksisorientering i utdanning og forsking gir høg innverknad av verksemda for folk og samfunn i eit stort geografisk område i Noreg. Interessant nok skjer no dette arbeidet med stadig sterkare internasjonale sambandslinjer, ikkje minst til ulike EU-land. 

Takk for møtet Kari-Anne Jønnes. Me fekk lytta til dine politiske perspektiv og fekk snakka om dei lange linjene i utdannings- og forskingpolitikken. I dagens Noreg er det grunnleggjande viktig i å leggja eit oppdatert bilete av universitet og høgskular til grunn når det skal satsast.