
Fint å samlast til julelunsj
Det er ein kjær tradisjon i Høgskulen på Vestlandet å invitera alle tilsette til julelunsj i desember.
Ved fullendinga av eit intenst haustsemester og omfattande og grøderikt arbeidsår, er det fint å samlast til eit felles måltid. Ved kvart campus i Bergen, på Stord, i Haugesund, i Førde og i Sogndal, er det gode stunder med musikk og song, talar og samtalar. Ein god inngang til julehøgtida
Ved kvart campus får rektor stadige påminningar om at han har verdas beste tilsette. I Sogndal i dag fekk eg i tillegg ei gåve frå dei tilsette, eit vakkert bilete laga av Hege Gjerde Sviggum ved Institutt for kunstfag.
Biletet av kristtornen, det eviggrøne lauvtreet med dei dekorative steinfruktene (bæra), gledde meg veldig.