Nyopnar læringslabben på Stord

Læringslabben har no i mai fått nytt lokale, like ved sidan av bibliotek, kantine, studentkontor og undervisningsrom. Kristina Hop arbeider her som studentassistent. 

Namn: Kristina Hop
Alder: 21 år
Kjem frå: Karmøy


Fortel litt om arbeidet ditt i læringslabben!
- Eg driv utlån og rettleiing i bruk av ulikt utstyr for læring. Døme er diktafon, podcast-utstyr, VR-briller og mykje anna. I labben går leik og læring over i kvarandre. Både studentar og tilsette kan låna med seg utstyr og det er eit opplegg som fungerer godt. For meg som komande lærar er det grunnleggjande viktig å vera god på bruk av ny teknologi. 

Kva utdanning tek du ved HVL?
- Eg går 3. år på grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn her på Stord, men flyttar til Sogndal til hausten for å fullenda utdanninga der med masterfag i matematikk. 

Kvifor matematikk?
- Matematikk passar godt saman med og utfyller dei andre undervisningsfaga mine, som er kristendom, livssyn og etikk, og kunst og handverk. So har eg erfaringar med eigen skulegang som gjer at eg er motivert for å hjelpa andre. Eg har likt matematikk som fag, men har også streva litt for verkeleg å lukkast. Det trur eg er ein fin inngang til å undervisa i faget. 

Du flyttar til Sogndal til hausten, men korleis har du hatt det på Stord? 
- Det har vore veldig positivt. Det er eit mindre miljø, det er lett å verta kjent med andre og både å kjenna seg sett og høyrt. 

Eg har lagt merke til at du har mange tillitsverv som student. Fortel!
-Eg er fakultetsstillitsvald, og volleyballansvarleg i Råmund IL, og er også vald inn som studenttingsrepresentant. Eg engasjerer meg fordi studentane si røyst er viktig, og slik kan me påverka utdanning og vilkår for å vera student.

Takk for praten, Kristina, og lukke til vidare!