- Studentar skal oppleva reell medverknad og eit inkluderande studiemiljø

Det seier Mattis Rovik. Leiar for Studenttinget på Vestlandet. Les gjerne e-post-intervjuet med Mattis. 

Namn: Mattis Munkvold Rovik
Tillitsverv: Leiar av Studenttinget på Vestlandet i studieåret 2025 – 2026. 
Alder: 25 år
Heimstadkommune: Sandnes
Utdanning i HVL: Bachelor i sjukepleie, 3. året
Tidlegare utdanning: Bachelor i informasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen

Kva ønskjer du å arbeida med når du er ferdig med utdanninga ved HVL?

- Eg er framleis litt usikker, men eg ser for meg at eg vil arbeida i skjeringspunktet mellom helse og teknologi. Der ligg det mange moglegheiter for å utvikla løysingar som både styrkar pasientbehandlinga og gjer kvardagen enklare for helsepersonell.


Kva er det beste ved å studera ved HVL?

- Det beste er kombinasjonen av fagleg kvalitet og det gode studentmiljøet. Lærarane våre er tett på, og vi får mykje praktisk erfaring gjennom praksisperiodane. Samtidig opplever eg at HVL har eit sterkt engasjement for studentdemokrati og studentvelferd.


Kva er det beste ved å studera i Bergen?

- Bergen er ein fantastisk studentby. Her har ein både det urbane og det naturlege tett på kvarandre. Det er alltid noko som skjer, og ein kan lett finna fellesskap, anten ein likar å engasjera seg i organisasjonar, gå på konsert eller ta seg ein fjelltur.


Kva kan bli betre?

- Eg meiner det framleis er rom for å styrka tilhøyrsla mellom campusane. HVL er ein stor institusjon med fem campusar, og det er viktig at studentane kjenner seg som del av eitt fellesskap, uavhengig av kvar dei studerer.


Har du hatt tillitsverv før du vart leiar for Studenttinget på Vestlandet?

- Ja, eg har hatt fleire ulike verv, både som nestleiar i Studenttinget og gjennom engasjement i andre organisasjonar som Norsk Sykepleierforbund, Bergen Teknikersamfund og Kronbar.


Kvifor er du tillitsvald?

- Eg ynskjer å bidra til at studentane sine stemmer blir høyrde, og at avgjerder som påverkar kvardagen vår blir tekne på ein måte som faktisk er til beste for studentane. Studentdemokratiet er ei unik moglegheit til å påverka, og den sjansen vil eg gjerne bruka.


Som leiar av Studenttinget på Vestlandet er du øvste leiar for 16 500 studentar fordelt på campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Korleis er det mogleg?

- Det er mogleg fordi vi er mange som løftar saman. Eg har eit arbeidsutval og eit Studentting som står på, og vi har dyktige tillitsvalde på alle nivå. Mitt ansvar er å koordinera, setja retning og sørgja for at studentstemma blir løfta inn i dei rette fora.


Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut for deg?

- Ingen dagar er heilt like. Nokre dagar er fulle av møter med leiinga ved HVL eller eksterne aktørar, andre dagar handlar om å følgja opp studentrepresentantar eller jobba med politiske saker. Eg brukar også mykje tid på å reisa mellom campusane, nettopp for å vera nær studentane.


Me er snart to månadar ute i studieåret 2025–2026. Over 6000 nye studentar har byrja ved HVL. Korleis vurderer du denne første tida?
Det har vore ein god start, med flott velkomstveke, dyktige fadrar og mykje aktivitet på alle fem campus. Samtidig ser vi at enkelte utfordringar går igjen, som tilgang til bustad og kapasitet i praksis. Men, alt i alt er det inspirerande å sjå kor raskt dei nye studentane blir ein del av fellesskapet, og kor nøgd dei er med studiemiljøet.


Kva mål har du for studentane i HVL i studieåret 2025–2026?

- Målet mitt er at alle studentar skal oppleva reell medverknad og eit inkluderande studiemiljø. Eg ynskjer at vi saman skal styrka kvaliteten på utdanninga, arbeida for betre rammevilkår i praksis og leggja til rette for eit aktivt studentliv, på alle campus