
Byrådsleiaren på campus Bergen
Onsdag 4. juni vitja byrådsleiar Christine Meyer og Richard Taule i Bergen kommune HVL og campus Bergen.
HVL samarbeider nært med Bergen kommune. Ikkje minst gjeld dette i praksisopplæringa av studentar, ein grunnleggjande viktig del av kvalifiseringa av til dømes sjukepleiarar, grunnskulelærarar og barnehagelærarar.
Frå dagsorden med byrådsleiaren kan nemnast:
- God studentrekruttering til HVL er godt for Bergen, Vestlandet og Noreg.
- Læringslab HVL- leik og læring med avansert teknologi
- Smakebitar frå HVL si forsking – kunnskapsbygging innanfor vitale samfunnsområde.
- Korleis er det eigentleg å vera student i Bergen?
- Status for bygginga av Universitetet på Vestlandet (universitetsstatus seinhaustes 2026 er i sikte).
- ARTEMIS - vår europeiske universitetsallianse
- Korleis kan me styrka samarbeidet mellom Bergen kommune og HVL?