
Lukke til i Nidaros!
Oddmund har vore tilsett i høgskulen frå august 2007, som høgskulelektor og seinare førsteamanuensis i Høgskulen i Sogn og Fjordane, frå 2017 i Høgskulen på Vestlandet, og der som professor frå 2019.
Oddmund kom tilbake til HVL 5. februar i år etter arbeid i regjeringa til Jonas Gahr Støre, først som statssekretær i Kunnskapsdepartementet frå 2021 til 2024, seinare som statsråd for forsking og høgare utdanning frå 2024.
I tida frå han gjekk ut av regjeringa og fram til dags dato, har Oddmund med sine omfattande historiske kunnskapar og oppdaterte politiske innsikter stått til disposisjon for ei rad ulike einingar i HVL.
Etter planen skulle han tilbake i undervisning og forsking som professor i historie ved Handelshøgskulen i HVL frå 1. august. Slik vart det ikkje, men sterke og gode band varer.
Takk for taket, Oddmund. Det har vore ei glede, det har vore ei ære.