
Noreg fram mot 2060
Hovudutfordringane som vert ringa inn er:
- Kamp om arbeidskrafta
- Behov for omstilling
- Framleis god fordeling.
Satsinga på forsvar og nasjonal beredskap bandlegg både økonomiske og menneskelege ressursar. Inntekter til fellesskapet vil framleis ha grunnlag i landets rike naturressursar. Den norske velferdsmodellen skal vernast og vidareutviklast.
Mangelen på arbeidskraft, i mykje framskunda av lågare folkesetnad i arbeidsfør alder og auke i forsvars- og helse- og omsorgsoppgåver, skal i regjeringas strategi møtast slik:
- Å få fleire i arbeid og å halda dei der
- Å løysa oppgåvene smartare
- Å sjå til ein ansvarleg økonomisk politikk som gir rettvis fordeling over tid.
Statsråden nemnde ikkje universitet og høgskular si rolle, men det kjem fram i sjølve Perspektivmeldinga.
«Regjeringen er opptatt av forskningens rolle for å løse kjente og ukjente utfordringer. Norge er avhengige av forskningsbasert kunnskap og kompetanse for å forstå og løse de samfunnsutfordringene vi står overfor. Utviklingen av ny kunnskap gjennom forskning, ikke minst den langsiktige grunnforskningen, utgjør mye av grunnlaget vi står på når vi skal håndtere utfordringer og kriser. Norsk deltakelse i internasjonalt utdannings- og forskningssamarbeid er en viktig del av dette.»
For å få fleire i arbeid ser regjeringa føre seg at studentane har heller omfattande deltidsarbeid under studiane og også fullfører studiane raskare enn i dag.
Det står klart føre meg at Høgskulen på Vestlandet og andre universitet og høgskular med campus, utdanningstilbod og aktiv forsking i storbyar, småbyar og i bygder, vil spela ei særleg viktig rolle. Dette med grunnlag i Perspektiv-meldinga: I 2024 er det store geografiske skilnadar i tilgangen på arbeidskraft og kompetanse. Å tryggja ei god utvikling av nærings-, arbeids- og samfunnsliv i komande tiår, fordrar ei offensiv og realitetsorientert satsing på utdanning og forsking.
Eg ser fram til vidare ordskifte og oppfølging.