
Sogndal Studentfestival
Onsdag 28. mai var det duka for Sogndal Studentfestival med «energisk feiring av musikk, fellesskap og studentliv». Det skjedde på Stedje Camping og Studenthuset Meieriet.
Student Anna Grøsvik Fosse er ein av fleire som har førebudd festivalen. Sist veke hadde ho informasjonsstand i kantina på Høgskulebygget.
Anna er frå Stavanger, studerer økonomi og administrasjon i Sogndal og er ein av mange studentar som engasjerer seg for å laga eit rikt studentliv.
Eit heilt spekter av studentorganisasjonar står bak for å få til Studentfestivalen 2025: Yggdrasil Linjeforening, Emlis - Eiendomsmeglernes Linjeforening i Sogndal Linjeforening for økonomi i Sogndal - ØKS Studentsamfunnet i Sogndal, Studentspretten, Lurkarlaget Sjøspretten, Luftlauget og Trivselssentralen.