Ei god økt om akademisk fridom

Det viktige i å ikkje berre verna om akademisk fridom som ideal, men ogso lata akademisk fridom dagleg prega ord og handling i utdanning, forsking og samarbeid, vart løfta fram på UH-nett Vest si leiarsamling no i november.
Det var ogso greitt å få ei påminning om at Kierulf-utvalet i «NOU 2022:2 Akademisk ytringsfrihet» har laga fleire enkle verktøy (retningsliner) for god framferd i ei kompleks samtid for studentar og tilsette, høgskular og universitet.
Mellom desse er eit sett av ytringsvettsreglar noko å leggja seg på dagleg minne.