
- Eg kom hit hausten 2023 og har aldri angra
Namn: Nils-Werner Strypet.
Alder: 30 år.
Kjem frå: Trysil.
Studium: Bachelor i sosialt arbeid.
Ønskjer å arbeida med: Rusomsorg
Reiseveg Sogndal-Trysil: 10 timar. Buss Sogndal - Oslo, 7 timar, buss Oslo – Trysil 3 timar.
Kvifor valde du HVL og Sogndal?
- Det var ei venninne som anbefalte Sogndal. Eg kom hit hausten 2023 og har aldri angra. Frå første dag har eg vorte kjend med flotte folk og har teke del på spanande aktivitetar.
Kvifor studerer du sosialt arbeid?
- Eg har lyst til å gjera ein positiv skilnad i folk sitt liv, gjerne folk som strevar. Og eg er glad i å vera saman med folk, snakka med folk og koma til botn i det dei strevar med og hjelpa fram løysingar.
Har du studert tidlegare?
- Ja, eg har studert både i Bergen og på Rena, og har fullført studiar i samanliknande politikk, og økonomi og leiing. Det kan koma godt med. Men sosionom-yrket er definitivt det eg siktar mot.
Du har engasjert deg for dine med-studentar. Fortel!
- Vil ein skapa noko bra for studentane må ein engasjera seg. Eg er campustillitsvald og har også andre verv, mellom anna i Trivselssentralen.
Korleis kan Sogndal verta ein betre stad for studentane?
- Heilt ærleg; eg tykkjer Sogndal alt er ein fantastisk stad for studentane. Det er eit rikt variert tilbod uansett kva interesse du har. Eg sjølv er eg veldig glad i quiz og Meieriet (Studentsamfunnet i Sogndal), men det skjer spanande ting heile tida innanfor idrett, friluftsliv, kunst og musikk. Men skal ein få utbytte må ein sjølvsagt vera aktiv og engasjert.
Takk for praten, Nils-Werner. Lukke til med alt det fine du har føre deg!